Småspove

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Småspove

Småspove (Numenius phaeopus) er ein vadefugl i snipefamilien Scolopacidae. Han er ein av Numenius-spovane med vidaste utbreiing, og hekkar over store delar av det subarktiske Asia og Europa så langt sør som Skottland. Han overvintrar langs kystar av Afrika, Sør-Asia sørover til kystar av Australia og New Zealand. Denne arten og tundraspove i Amerika har nyleg blitt splitta i to artar,[2] sjølv om nokre taksonomiske autoritetar framleis ser på dei som same arten.

Kjappe fakta
Småspove
Thumb
Småspove
Utbreiing og status
Status i verda: Livskraftig
Status i Noreg: Nær truga[1]Thumb
Utbreiinga av småspove
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Numenius
Art: Småspove N. phaeopus
Vitskapleg namn
Numenius phaeopus
Lukk

Skildring

Taksonomi

Det vitskaplege slektnamnet Numenius er frå antikkens greske noumenios, ein fugl som er nemnd av Hesychius. Det er assosiert med spovane fordi det ser ut til å vere avleidd av neos, «ny» og mene, «måne», med tilvisning til det lange halvmåneforma nebbet. Det artsspesifikke tilnamnet phaeopus er det mellomalderske latinske namnet på fuglen, frå gammalgresk phaios, «grå» og pous, «fot».[3]

Fem underartar er godtatte:[4]

  • N. p. islandicus Brehm, C.L., 1831 – hekkar hovudsakleg på Island, men også på Grønland, Færøyane og i Skottland; overvintrar hovudsakleg i Vest-Afrika, men området spenner frå Sørvest-Europa til Benin og Togo[5][6][7]
  • N. p. phaeopus (Linnaeus, 1758) – nominatunderarten, hekkar frå Noreg til det nordlege sentrale Sibir; overvintrar i Afrika og Sør- og Søraust-Asia
  • N. p. alboaxillaris Lowe, 1921 – hekkar frå vestlege Kasakhstan til sørvestlege Sibir (sjeldan); overvintrar i Sør- og Aust-Asia
  • N. p. rogachevae Tomkovich, 2008 – hekkar i det nordlege sentrale Sibir; overvintrar i Aust-Afrika og vestlege India
  • N. p. variegatus (Scopoli, 1786) – hekkar i det nordaustlege Sibir; overvintrar i India til Australia og New Zealand

Tundraspove (Numenius hudsonicus) vart tidlegare sett på som konspesifikk med Numenius phaeopus. Dei to artane vart splitta baserte på genetiske forskjellar og ulikskap i fjørdrakta.[8]

Kjenneteikn

Småspove er ein ganske stor vadefugl, men mellomstor som medlem av Numenius-slekta. Han liknar storspoven, men er mindre, noko som kan vere vanskeleg å fastslå i felt utan andre fuglar å samanlikne med. Nebben er proporsjonalt noko kortare. Fuglen er 37-45 cm lang. Nebben utgjer 6 til 9 cm, lengst hos den vaksne hoa. Vengespennet er på 76-89 cm. Småspoven er mest gråbrun, men vengen har mørke handsvingfjør. Nebben er bøygd med ein knekk snarare enn ei jamn kurve og lengst på vaksne hoer. Småspoven har ei tydeleg lys midtstripe på hovudet og kraftigare teikningar enn storspoven. I flukt stikk beina ikkje ut bakom stjerten. Nominatforma N. p. phaeopus som hekkar i Fennoskandia har kvit rygg, overgump og vengeunderside, og tverrender på den gråbrune stjerten. Dei er generelt vaktsame.

Småspove kan forvekslast med storspoven. Småspoven har mørkare kronestriper, og lysare augebrynstripe mot mørk augestripe er meir kontrastfull enn hos storspoven. På Nordøya på New Zealand kan både småspove og tundraspove i små mengd observerast i den nordlege vinteren.[9]

Læte

Lokkelæta er ei visling, medan spellæta er ein serie vislingar som går over i ei trille.

Forplanting

Vanlege hekkeplassar er fjellheiar, myrer, og steppemarker. Det er vanleg at fleire par hekkar nær kvarandre i ein koloni. Reiret er ei grop på marka. Hoa legg 3-5 egg. Begge foreldra rugar og vaktar ungane mot inntrengjarar. Dei kan til og med angripe menneske som kjem for nær.

Føde

Denne arten lever ved å sondere mjuk gjørme etter små virvellause dyr inkludert insekt, og ved å plukke små krabbar og liknande byttedyr frå overflata. Før migrasjon blir bær ein viktig del av kosthaldet.

Utbreiing og trekktilhøve

Hekkeområdet ligg frå Aust-Grønland, over Island og øyar i Nord-Atlanteren sør til Skottland, samanhengande frå Fennoskandia unntatt Sør-Sverige til nordvestlege Russland rundt Kvitehavet. Isolerte område over Sibir til Anadyrelva har hekkeplassar for tre ulike underartar.

I Noreg hekkar han mest vanleg frå Midt-Noreg og nordover, og helst på høgareliggande heiområde. Populasjonen i landet er trudd å ligge mellom 4000 og 20 000 individ og er minkande. I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[10]

Småspoven er ein sterk trekkfugl som overvintrar ved kystar i Afrika, og Sør-Asia inn i Australasia med New Zealand. Han er òg ein kystfugl under trekk. Dei er ganske sosiale og kan treffast i flokkar utanfor hekkesesongen.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.