familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaktarfuglar, Cracticidae, òg kjent som kråkevarslarar, er ein biologisk familie av sporvefuglar, Passeriformes. Dette er kråkeliknande fuglar med sterk kroppsbygging, utbreidd i Australia, Tasmania og Ny-Guinea. Næraste slektningar er svalestarar, Artamidae.
Slaktarfuglfamilien | |
Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa Foto: KeresH | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Slaktarfuglfamilien Cracticidae |
Fjørdrakta til desse fuglane er vanlegvis svart og kvit eller gråfarga. Nebbet er kraftig, ofte med ein liten nedbøygd krok i enden. Hos nokre artar finn ein markert kjønnsdimorfisme. Slaktarfuglar varierer i lengd frå 25 til 53 centimeter.
Slaktarfuglar er altetande og lever mest av insekt, små landlevande virveldyr, frukt og frø. Cracticus-artar, tar òg små pattedyr og fuglar som dei deler opp før dei et. Slaktarfuglar byggjer reir av kvister, tørt gras og små røter i forgreiningar på tre. Dei legg to til fem blågrøne, grågrøne eller brunflekkete egg som blir ruga i omtrent tjue dagar. Ungfuglane er flygedyktige etter fire veker i reiret. Den australske arten svartslaktarfugl, Cracticus quoyi, hekkar frå september til februar, dei andre australske artane hekkar frå august til desember.
Etter ein DNA-studie i 1985, la Sibley og Ahlquist framlegg om ein ny klade Cracticini[1] som samla Cracticidae og svalestarar i Artamidae.[2] Dette er ikkje reflektert korkje i Clementslista eller i IOC World Bird List. Peltops-artane på Ny-Guinea var tidlegare plassert saman med monarkflugesnapparar.
Slaktarfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Peltops
Slekt Cracticus
Slekt Gymnorhina
Slekt Strepera
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.