underart i planteriket From Wikipedia, the free encyclopedia
Skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1][2]
Skognattfiol | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Platanthera | ||
Art: | P. bifolia | ||
Vitskapleg namn | |||
Platanthera bifolia ssp. latiflora
(Drejer) Løjtnant | |||
Økologi | |||
Habitat: | skog, eng | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Dei to underartane av nattfiol liknar mykje på kvarandre. Skognattfiol har noko lengre spore enn heinattfiol, slik at han ofte stikk ut av akset på den andre sida. Dei fremre kronblada i blomen er lengre og tynnare, og ofte litt meir krøllete enn hos heinattfiol.
Ettersom inndelinga av nattfiol i to underartar er ganske ny, har dei to underartane ikkje vore registrerte separat tidlegare. Ein gjennomgang av herbariemateriale har vist at skognattfiol har eit tyngdepunkt sør på Austlandet, der han ser ut til å vere vanlegare enn heinattfiol.[3] Dei få funna som er registrerte etter 2010, tyder òg på ei overvekt av funn frå dette området.[4]
I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten vurdert som livskraftig (LC).[5]
Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsnattviol)[6] og i Danmark (EN, dansk namn langsporet gøgelilje).[7] I Finland er han ikkje rekna som underart, men som varieteten Platanthera bifolia var. latissima (LC, finsk namn pohjanvalkolehdokki).[8]
På Dei britiske øyane er det ikkje skild mellom underartane.[9] Det er det heller ikkje i Baltikum[10][11][12] eller i Benelux.[13][14]
I Plants of the World Online er planta ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for heinattfiol.[15]
Det er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida)[16] i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett.[17] Hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader i det sørlege Sverige.[18] I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet,[19] og i Danmark er båe underartane representerte i hybridane.[20] På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane.[9] Det same gjeld i Estland og Litauen[21][22] og i Benelux.[23]
I Sverige er nattfiol (og då helst skognattfiol) rapportert å kunne danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.[24]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.