Skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Vest-Europa nord til Sør-Noreg, aust til Uralfjella og sør til Middelhavet, med ein bestand også i Marokko. Ho lever i mange ulike landskapsområde, men er meir tilbøyeleg til å leva i hus enn i skogområde og er vanleg i parkar og hagar.[2] Ho er vanskeleg å skilja frå skogflaggermus, umogleg utan å fanga ho. Det er difor gjort relativt få sikre funn av arten i Noreg.[3] I Sverige og Danmark reknar ein med at skjeggflaggermusa er i sterk tilbakegang, men det er uvisst om dette også er tilfellet i Noreg.[1]

Kjappe fakta
Skjeggflaggermus
Thumb
Skjeggflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Thumb
Utbreiinga av skjeggflaggermus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Myotis
Art: Skjeggflaggermus M. mystacinus
Vitskapleg namn
Myotis mystacinus
Kuhl, 1817
Lukk

Raudlistevurdering

Seinare års registreringsarbeid på Vestlandet har vist at arten er vanlegare enn tidlegare antatt i denne landsdelen[4] Bestandsstorleiken er svært usikker, men blir antatt å omfatta meir enn 1000 reproduserande individ. Dei rike løvskogsliene på Vestlandet kan potensielt husa ein betydeleg bestand, men på Austlandet synest arten å vera meir fåtalig.

Det er viktig at tidsserien med underjordiske teljingar fortset og blir utvida til andre område. Det er vidare eit sterkt behov for etablering av overvakingsseriar som dekker artens yngleperiode.

Konklusjon: På grunn av det store utbreiingsområdet og ein antatt bestand på meir enn 1000 reproduserande individ, vurderer Artsdatabanken skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) som livskraftig LC. Kunnskapsgrunnlaget for å vurdera rødlistestatus er likevel avgrensa, og det er sterkt ønskeleg med meir kunnskap om den reelle bestandsstatusen til arten i Noreg.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.