From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjahádah er namnet på den muslimske truvedkjenninga og blir rekna som éi av dei fem søylene i religionen islam:
لا إله إلا الله ومحمد رسول الله
Lā ’ilāha ’illā llāha wa Muḥammadun rasūlu llāhi.
“Ikkje finst nokon annan gud enn Alláh, og Muḥammad er Bodberaren åt Alláh.”
I islam skil ein mellom anbiyyā (fl.) og rusul:
Ei av dei tidlegaste omsetjingane av shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705–715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: 'Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.')
Truvedkjenninga i arabisk kalligrafi blir mykje brukt som dekorasjon i muslimsk kultur. Ho finst mellom anna på det saudiarabiske flagget og på fleire det afghanske flagget og riksvåpenet.
Når ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.