From Wikipedia, the free encyclopedia
Sissel Karin Brenne Buchholdt (fødd 17. juni 1951) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Ronglan i Nord-Trøndelag. Ho vart nordisk meister i handball 1970 med Noreg. Brenne var i yngre år aktiv også i friidrett og vann NM-medalje i spjutkast både i 1972 og 1973.
Sissel Brenne Buchholdt spelte i tida 1969-84 heile 188 landskampar og skåra 415 mål. Ho var ein rykkromspelar med ei framifrå skotarm som deltok i Handball-VM både i 1971, 1973, 1975 og 1982. I 1970 skåra ho seks av dei 56 måla då Noreg vann den nordiske meisterskapen på heimebane i Østfold. Brenne Buchholdt var Freidig-spelar i mange sesongar, seriemeister med Trondheims-laget i 1971 og 1985.
Brenne tok sølvmedaljen i spjutkasting under NM i friidrett 1972 og fekk bronsemedaljen i same øvinga ved noregsmeisterskapen året etter. Den 30. mai 1974 vart ho nummer to i eit nasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo, der ho sette ho personleg rekord med eit kast som målte 46,84 m. På friidrettsbanen representerte Brenne Idrettslaget Nybrott.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.