tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Silvia Neid (fødd 2. mai 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og trenar. Ho er ein av dei mest suksessfulle spelarane i tysk kvinnefotball, etter å ha vunne sju nasjonale ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. I 2005 til 2016 var Neid landslagstrenar for det tyske kvinnelandslaget. I 2010, 2013 og 2016 blei ho kåra til årets trenar av FIFA.
Silvia Neid i 2015. | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 2. mai 1964 | ||
Fødestad | Walldürn | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1980–1983 | Klinge Seckach | ||
1983–1985 | SSG Bergisch Gladbach | ||
1985–1996 | TSV Siegen | ||
Landslag | |||
1982–1996 | Tyskland | 111 | (48) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. august 2023 ‡ Landslagsmål oppdatert 12. august 2023 |
Neid debuterte på det tyske landslaget 10. november 1982 mot Sveits. Det var også den aller fyste internasjonale kampen Tyskland spela. I løpet av kampen scora Neid to mål, og Tyskland vann til slutt 5–1.[1] Fram til 25. juli 1996 spela ho 111 landskampar og scora 48 mål. I 79 av kampane var Neid kaptein for det tyske landslaget. Neid spela sin siste landskamp mot Brasil i Sommar-OL i 1996 i Atlanta.[2]
Med klubbane SSG 09 Bergisch Gladbach og TSV Siegen vann Neid sju tyske ligatitlar og seks DFB-Pokal-trofear. Neid var med på det tyske landslaget som blei europameistrar i 1989, 1991 og 1995, og som tok sølv i fotball-VM i 1995.
Som trenar var Neid trenar for det tyske juniorlandslaget, men ho fungerte samstundes som assistenttrenar for kvinnelandslaget. I 2005 tok Neid over som trenar for det tyske kvinnelandslaget. Hennar største merittar som landslagstrenar er gull i VM i 2007, gull i EM i 2009, gull i Sommar-OL i 2016 og bronse i Sommar-OL i 2008.
I 2007 blei Neid tildelt Bundesverdienstkreuz.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.