From Wikipedia, the free encyclopedia
Siegfried Wentz (fødd 7. mars 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Han tevla i tikamp og vann bronsemedaljen i VM 1983, Sommar-OL 1984 og EM 1986, i 1987 tok han VM-sølv i Roma.
Siegfried Wentz | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 7. mars 1960 (64 år) Röthenbach bei Sankt Wolfgang |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1984 |
Wentz fullførte den 5. juni 1983 i Filderstadt sitt livs beste tikamp. Her plukka han i alt 8 762 poeng, einast to mann hadde betre poengsum å vise til. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad vart han nummer tre i tikampen, bak dei to verdstoppane Daley Thompson og Jürgen Hingsen. Også i Sommar-OL 1984 i Los Angeles enda Wentz på bronseplass, Thompson og Hingsen på ny nummer 1 og 2.
Under europameisterskapen 1986 i Stuttgart presterte Wentz si beste tikampserie i ein internasjonal meisterskap. Med 8 676 poeng hamna han enno ein gong på tredjeplassen, atter bak Thompson og Hingsen. I VM 1987 i Roma vann Wentz sølvmedaljen, overgått av vinnaren Torsten Voss med meir enn 200 poeng.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.