Shrek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shrek
Remove ads

Shrek er ein amerikansk dataanimert filmkomedie frå 2001, som er laust basert på eventyrboka frå 1990 av William Steig under same namn. Filmen er regissert av Andrew Adamson og Vicky Jenson, med stemmene til Mike Myers, Eddie Murphy, Cameron Diaz og John Lithgow i hovudrollene. Shrek er ein parodi på andre filmtilpassingar av folkeeventyr, hovudsakleg retta mot animerte Disney-filmar.

Kjappe fakta Regi, Produsent(ar) ...
Remove ads

Handlinga i filmen følgjer trollet Shrek (Myers), som finn ut at sumpen hans er nedrent av eventyrfigurar, som har vorte bannlyste av den korrupte Lord Farquaad (Lithgow) som stundar etter å verta konge. Shrek gjer ein avtale med Farquaad om å få kontroll over sumpen sin att dersom han bergar prinsesse Fiona (Diaz), som Farquaad vil gifta seg med. Med hjelp frå eselet (Murphy) legg Shrek ut på ferda si, men forelskar seg snart sjølv i prinsessa som held på ein løyndom som vil forandra livet hans for all tid.

Remove ads

Rolleliste

Meir informasjon Roller, Engelske stemmer ...

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads