From Wikipedia, the free encyclopedia
Frederick Earl «Shorty» Long (20. mai 1940–29. juni 1969) var ein amerikansk soulsongar, låtskrivar, musikar og plateprodusent for Motown-etiketten Soul Records. Han vart innlemma i Alabama Jazz Hall of Fame i 1980.
Shorty Long | |||
Fødd | 20. mai 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham i Alabama i USA | ||
Død | 29. juni 1969 (29 år) | ||
Dødsstad | Detroit i USA | ||
Fødenamn | Frederick Earl Long | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | R&B, soul | ||
Instrument | Vokal, piano, orgel, trommer, munnspel og trompet | ||
Plateselskap | Tri-Phi/Harvey, King, Soul/Motown | ||
Verka som | songar-låtskrivar, songar, musikkprodusent |
Han vart fødd i Birmingham i Alabama og kom til Motown i 1963 frå selskapet Tri-Phi/Harvey, eigd av syster til Berry Gordy, Gwen, og ektemannen hennar, Harvey Fuqua. Den første utgjevinga hans, «Devil with the Blue Dress On» (1964), skriven med William «Mickey» Stevenson, var den første innspelinga som vart gjeven ut på Soul-etiketten til Motown, som vart laga for meir bluesbaserte artistar som Long. Sjølv om songen aldri gjorde det bra nasjonalt, vart songen spelt inn og vart ein hit i 1966 for Mitch Ryder og The Detroit Wheels. Long-singelen «Function at the Junction» frå 1966 var den første popuære hitten hans og nådde 42. plassen på den nasjonale R&B-lista. andre singlar han gav ut var «It's a Crying Shame» (1964), «Chantilly Lace» (1967), og «Night Fo' Last» (1968).
Den største hitten til Long var «Here Comes the Judge», som i juli 1968 nådde fjerdeplassen på R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100. Songen var inspirert av ein sketsj på Rowan and Martin's Laugh-In om ein dommar spelt av Pigmeat Markham, som sjølv hadde hatt ein hit, «Here Comes the Judge» tre veker etter Long i juli 1968, med eit liknande tema. Denne nådde 19. plassen på Billboard-lista. I 1969 gav Long ut singlane «I Had a Dream» og «A Whiter Shade of Pale». Han gav ut eitt album i levetida si, Here Comes the Judge (1968).
Long spelte mange instrument, som piano, orgel, trommer, munnspel og trompet. Han var seremonimeister for mange Motortown Revue-show og turnear og skreiv fleire av sine eigne songar. Long var den einaste av Motown-artistane i tillegg til Smokey Robinson som fekk lov å produsere sine eigne innspelingar i 1960-åra. Marvin Gaye skildra i David Ritz-biografien Divided Soul: The Life & Times of Marvin Gaye, Shorty Long som «denne vakre karen som hadde to hittar, og så vart ignorert av Motown.»[1] Gaye hevda han «kjempa for karar som Shorty» medan han var i Motown, sidan ingen strekte eg for desse artistane.[1]
Den 29. juni 1969 druna Long og ein ven då båten deira kollsigla på Detroit River i Michigan.[2] Stevie Wonder spelte munnspel i gravferda hans og plasserte det på kista etterpå.[3]
Motown gav ut det siste albumet til Long, The Prime of Shorty Long, kort tid etter han døydde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.