From Wikipedia, the free encyclopedia
Sher Shah Suri eller Sher Shah, nokre gonger Sher Khan (fødd 1472 eller 1486 som Farid Khan, død 22. mai 1545) var indisk stormogul frå 1540. Han grunnla det kortvarige Suririket, med hovudstad i Sasaram i dagens Bihar. Han introduserte også rupi som valuta.[1] Etter at han døydde ved ei ulukke i 1545 blei han etterfølgd av sonen Islam Shah.[2][3][4][5][6][7]
Sher Shah Suri | |||
| |||
Fødd | 1486 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sasaram | ||
Død | 22. mai 1545 | ||
Dødsstad | Kalinjar Fort | ||
Gravstad | Tomb of Sher Shah Suri, Sasaram | ||
Dynasti | Sur | ||
Far | Hasan Shah Suri | ||
Born | Islam Shah Suri |
Han var son av Hassan Khan Sur, som var fyrste i Sasaram i Bihar. Namnet Sher Shah ('Tigerherren') fekk han av nizamen av Bihar, som han var i teneste hjå frå ein ung alder. Dette skal ha kome av at han som ung mann drap ein tiger som plutseleg hoppa på hersakren av Bihar.[7][8] Under stormogulen Babur var Sher Shah sjølv nizam i dette området.
Etter at Babur døydde i 1530 erklærte Sher Shah seg sjølvstendig frå mogulriket. Samtidig auka rivaliseringa med sonen til den tidlegare nizamen, som Sher Shah hadde tent, og han blei til slutt angripen av denne sonen i koalisjon med nawaben av Bengal. Dei to herskarane blei overvunne av Sher Shah i slaget ved Surajgarh i 1534. Etter ytterlegare vekst i makt og prestishe overvann Sher Shah til slutt den samla hæren til stormogul Humajun i 1540, og tok over heile riket.
Sher Shah var ein dugeleg administrator, såvel som ein dyktig militær leiar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.