Sharjah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sharjah (arabisk الشارقة, romanisert aš-Šāriqah) er den tredje største byen i Dei sameinte arabiske emirata og utgjer ein del av Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde. Han ligg langs nordkysten av Persiabukta på Den arabiske halvøya.
Sharjah | |||
الشارقةّ | |||
by | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Sharjah | ||
Areal | 235,5 km² | ||
Folketal | 1 247 749 (2015)[1] | ||
![]() Sharjah 25.3375°N 55.411944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Sharjah | |||
Sharjah er hovudstaden i emiratet Sharjah. Sharjah har blitt styrt av Al Qasimi-dynastiet sidan 1700-talet.
Byen er eit senter for kultur og industri og utgjer aleine 7,4 % av bruttonasjonalproduktet til Dei sameinte arabiske emirata.[2] Byen dekkjer eit areal på kring 235,5 km² og har over 1 247 749 innbyggjarar i 2015. Sal og konsumering av alkohol er forbode i emiratet Sharjah utan særskild løyve, og ingen av hotella, restaurantane eller butikkane sel alkohol. Dette har gjort at islamsk turisme har vokse kraftig i byen.[3]
Oversyn
Sharjah er den tredje største byen (etter Dubai og Abu Dhabi) i Dei sameinte arabiske emirata. Palasset til herskaren av emiratet Sharjah (Sultan bin Mohamed Al-Qasimi) ligg kring 20 km søraust for byen.
Byen Sharjah har utsikt over Persiabukta og eit folketal på over 800 000 (2008). Av landemerke i byen finn ein to store, tildekte soukar, med islamsk design, og fleire fritidsområde og offentlege parkar, som Al Montazah fornøyelsespark og Al Buheirah-cornichen. Byen er òg kjend for mange elegante moskear.
Etter at bygge-boomen byrja i Dubai i 2005 er det bygd høge skyskraparar og moderne byggverk i område som Al Khan og Khaled-lagunen. Desse moderne bygningane og det auka folketalet dei har ført med seg, samstundes som infrastrukturen ikkje er blitt oppgradert, har ført til at ein ofte har trafikkork i byen. Byen ligg òg mellom dei nordaustlege emirata og Dubai. Mange innbyggjarar i Sharjah reiser dei 15 km for å vitje Dubai i helga. Sharjah grensar til byane Dubai og Ajmān og kring 170 km frå hovudstaden Abu Dhabi.
Historie
Sharjah var ein av dei mest velståande byane i regionen og området har vore busett i over 5000 år. Tidleg på 1700-talet hadde Qawasim-klanen busett seg i Sharjah og kring 1727 erklærte Sharjah sjølvstendet sitt. Den 8. januar 1820 signerte sjeik Sultan I ein avtale med Storbritannia og aksepterte eit proktektorat for å halde dei osmanske tyrkarane borte. Som dei fire naboane, Ajman, Dubai, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain gjorde plasseringa langs ruta til India han viktig nok til at han vart rekna som ein saluttstat (men av lågaste klasse: tre kanonar). Den 2. desember 1971 gjekk sjeik Khalid III inn i Dei sameinte arabiske emirata under grunnlegginga av samskipnaden.
Som dei andre tidlegare Traktatstatane er Sharjah kjend for mange frimerkesamlarar på grunn av dei mange frimerka som vart gjevne ut av Sharjah postkontor, kort tid før danninga av Dei sameinte arabiske emirata.[4]
Klima
Sharjah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), med varme vintrar og ekstremt heite somrar. Det kjem generelt lite regn, og det meste kjem i små mengder frå november til mai. Kring to tredjedelar av årsnedbøren kjem i februar og mars.
Vêrdata for Sharjah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 32,5 | 34,4 | 42,1 | 43,2 | 46,4 | 49,2 | 47,8 | 48,2 | 46 | 41,4 | 37,2 | 32,8 | 49,2 |
Gjennomsnittleg maks °C | 24,2 | 25,2 | 28,8 | 34 | 38,5 | 40,8 | 42,2 | 41,7 | 39,8 | 36 | 30,9 | 26,2 | 34 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 17,6 | 18,5 | 21,5 | 25,7 | 29,7 | 32,1 | 34,2 | 33,8 | 31,2 | 27,8 | 23,1 | 19,4 | 26,2 |
Gjennomsnittleg min °C | 12,1 | 12,7 | 15,3 | 18,3 | 21,9 | 24,6 | 27,5 | 27,7 | 24,3 | 20,6 | 16,4 | 13,5 | 19,6 |
Lågast målte °C | 3,4 | 2,5 | 8,3 | 10,9 | 13 | 18,3 | 21,7 | 22,2 | 18,5 | 13,3 | 9,2 | 5 | 2,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 9,5 | 34,8 | 33 | 7,5 | 1,4 | 0 | 0,1 | 0 | 0 | 0 | 5,1 | 15,5 | 106,9 |
Gns. luftfukt (%) | 69 | 68 | 64 | 56 | 51 | 56 | 54 | 57 | 62 | 64 | 64 | 69 | 61,2 |
Gns. solskinstimar i månaden | 244,9 | 226,8 | 257,3 | 294 | 350,3 | 348 | 331,7 | 325,5 | 306 | 300,7 | 276 | 244,9 | 3 506,1 |
Kjelde: NOAA (1977–1991)[5] |
Økonomi
Sharjah by er kjend for bruktbilmarknaden i Abu Shagara-området, som vert hevda å vere den største i Midtausten. Sharjah er hovudkvarteret til Air Arabia, det første lågpris-flyselskapet i Midtausten, som opererer i Midtausten, Asia og Europa. Hovudkontoret er i Sharjah Freight Center,[6] på området til Sharjah internasjonale lufthamn.[7]
Utdanning
Det finst fleire offentlege og private skular i tillegg til universitet i Sharjah, som Universitetet i Sharjah, American University of Sharjah, Troy universitet – ITS Sharjah, Skyline College Sharjah, Sharjah høgskule for menn og Sharjah høgskule for kvinner.
Idrett
Sharjah cricketstadion har vore vertskap for nesten 218 One Day International-kampar innan cricket, meir enn nokon annan stad, og fire test-kampar. Av fotballag i byen finn ein Al Sharjah og Al-Shaab i førstedivisjon, og Al Hemriah, Al The-aed, Al Khaleej og Dibba i andredivisjon.
Sharjah Grand Prix er eit løp i Formel 1-båtar ved Al Buhaira Corniche i Sharjah som vert halde kvart år.
Venskapsbyar
Galleri
- Buhairah-cornichen har mange dyre hotell.
- Al Khan-lagunen, ein av tre lagunar i Sharjah
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.