From Wikipedia, the free encyclopedia
Sergej Aleksandrovitsj Kirdjapkin (fødd 18. juni 1980) er ein russisk friidrettsutøvar frå Insar som vann 50 km kappgang både under EM 2005, VM 2009 og Sommar-OL 2012, for så i 2015 å få annullert VM-sigeren og OL-triumfen grunna bruk av dopingmidlar.
Sergej Kirdjapkin | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 16. januar 1980 (44 år) Insar |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008 |
Utmerkingar | Venskapsordenen |
Kirdjapkin vart andremann på 50 km ved verdspokal-tevlinga i ungarske Miskolc våren 2005, åtte sekundar bak landsmannen Aleksej Vojevodin. Tre månader seinare vart Kirdjapkin ein suveren europameister i Helsinki, tre minuttar føre Vojevodin på andreplass.
Etter tre magre sesongar kom Kirdjapkin tilbake og tok ein klar fyrsteplass under VM 2009 i Berlin, 2 minuttar og 41 sekundar framom norske Trond Nymark. Nesten like klar var sigeren ved verdspokal-tevlinga 2012 i Saransk i Russland i mai månad. Nokså nøyaktig tre månader etter gjekk Kirdjapkin inn til gull då den olympiske 50-kilometeren fann stad i London, knapt eitt minutt framom Jared Tallent frå Australia.
I 2015 og 2016 underkjende Det internasjonale friidrettsforbundet alle Kirdjapkins prestasjonar i tida etter 20. juli 2009, grunna påfallande utslag i hans såkalla biologiske pass. Dermed mista han gullmedaljane frå VM 2009 og OL 2012.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.