Sergej Eisenstein
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sergej Eisenstein (23. januar 1898–11. februar 1948) var ein russisk filmregissør og filmteoretikar fødd i Riga, i dagens Latvia. Han er mest kjend for dei nyskapande filmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober. Han er rekna som den leiande filmregissøren frå Sovjetunionen.[1]
Sergej Eisenstein | |||
| |||
Fødd | 10. januar 1898 (etter juliansk kalender), 23. januar 1898 (etter gregoriansk kalender) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Riga | ||
Død | 11. februar 1948 (50 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Fødenamn | Сергей Михайлович Эйзенштейн, Sergej Mikhajlovitsj Ejzensjtejn | ||
Aktive år | 1924–1945 | ||
Verka som | filmregissør, oppfinnar, filmklyppar, manusforfattar, lærar, filmfotograf, teiknar, fotograf, regissør | ||
Far | Mikhail Eisenstein | ||
Ektefelle | Pera Atasjeva | ||
Prisar | Stalinprisen, Leninordenen, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum |
Eisenstein var ein pionér når det gjeld redigering, og til forskjell frå samtidige regissørar meinte han at ein kunne framskaffa kjensler hjå publikum med den rette redigeringa av filmen. Bøkene hans om temaet har hatt innflyting på fleire store regissørar.
Stumfilmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober, som båe er baserte på sanne historier og presentert på ein «realistisk» måte, har hatt stor innverknad på tidlege regissørar av dokumentarfilmar.
Sergej Eisenstein var fødd i Riga, som då var del av Tsar-Russland,[2] med jødisk-tyskbaltisk far og russisk mor. Han vart gripen av den russiske revolusjonen i 1917, og melde seg friviljug til den raude arméen i 1918.
Eisenstein var ein populær filmregissør i Sovjetunionen. Ei reise til Europa og Hollywood, der han ikkje lukkast som regissør, gjorde at han etter kvart vart sett på med mistru av Josef Stalin og kommunistpartiet.
Han døydde i Moskva der han er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.