From Wikipedia, the free encyclopedia
N° 4 er det fjerde albumet til Serge Gainsbourg og kom ut i 1962. Albumet er særs jazzprega og inneheld ingen kabaret-, chanson- eller popaktige songar som på dei tre første albuma. Nokre av songane har meir latinprega jazz, som bossanova på «Baudelaire» og «Les Cigarillos» og samba på «Ce grand méchant vous». Det rytmiske avsluttingssporet «Ce grand méchant vous» viste fram mot Gainsbourg Percussions i 1964, som inneheldt langt meir av dette slaget.
N° 4 Studioalbum av Serge Gainsbourg | ||
Språk | fransk | |
Utgjeve | 1962 | |
Innspelt | 14. mars-16. april 1962 | |
Sjanger | Jazz | |
Lengd | 18:58 | |
Selskap | Mercury | |
Produsent | Jacques Plait | |
Serge Gainsbourg-kronologi | ||
---|---|---|
L'étonnant Serge Gainsbourg (1961) |
N° 4 | Gainsbourg Confidentiel (1963)
|
Songane er framført av Alain Goraguer og orkesteret hans, medan Goraguer i tillegg arrangerte songane.
Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg, bortsett frå der anna er nemnd.
I 2006 kom det ei utgåve av plata med fire bonusspor frå EPen Vilaine Fille, Mauvais Garçon frå 1962. Desse skil seg frå resten av plata og er pop- og easy listening-songar, og «Un violon, un jambon» er til og med country. Av desse songen er «La Javanaise» ein av klassikarane til Gainsbourg frå denne tida.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.