Remove ads
del av nervesystemet som består av hjerne, hjernehinner og ryggmerg From Wikipedia, the free encyclopedia
Sentralnervesystemet hos pattedyr består av hjernen og ryggmergen og er den delen av nervesystemet som er verna av knoklar. Sentralnervesystemet er ein av dei to hovuddelane til nervesystemet. Det andre systemet er det perifere nervesystemet.
Sentralnevesystemet vert lagt tidleg på fosterstadiet, som er eit holt røyr. Den fremre delen blir til hjernen og den bakre blir ryggmergen. Framenden får fleire utposingar og utvekstar som utvidar seg til dei ulike delane av hjernen: storhjernen, diencephalon, hjernestammen og veslehjernen. Ryggmergen beheld den enkle røyrforma.
Nervevevet i sentralnervesystemet vert inndelt i grå og kvit substans. Den grå substansen består av nervecellekroppar og dei korte utløparane deira. Den kvite substansen inneheld nervecellene sine lange utløparar, nervefiber. Den grå substansen i sentralnervesystemet blir inndelt i kjernar og bark. Samlingar av nervecellekroppar i djupet av hjernen eller ryggmergen blir kalla kjernar, medan den grå substansen på overflata av storhjernen og veslehjernen blir kalla bark. Den kvite substansen blir inndelt i nervebaner, som knyter ulike avsnitt av sentralnervesystemet med kvarandre. Det er kommandosentralen som tolkar all innkomande sensorisk informasjon frå t.d. auge og øyre, og som styrer alle kommandoar som blir overført til musklane. Kommunikasjonen skjer via nerveimpulser, dvs. elektriske signal, som blir ført langs nervebanene. Hjernen utfører òg kompliserte funksjonar som innlæring, minne, kjensler og abstrakt tankeverksemd.
Gliaceller, som er støtteceller, finst både i den grå og den kvite substansen.
Ryggmergen | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hjernen | Hjernestammen | Rhombencephalon |
Pons, cerebellum, medulla oblongata | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mesencephalon |
Tectum, pedunculus cerebralis, pretectum, ductus mesencephalic | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Prosencephalon | Diencephalon |
Epithalamus, thalamus, hypothalamus, subthalamus, hypofysen, epifysen, tredje ventrikkel | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Telencephalon |
Basalgangliene, rhinencephalon, amygdala, hippocampus, neocortex, sideventriklene |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.