From Wikipedia, the free encyclopedia
Santiago de Chile er hovudstaden og den største byen i Chile. Dei lovgjevande styresmaktene i landet møtest likevel i Valparaíso, som ligg i nærleiken.
Santiago | |||
hovudstad | |||
Satellittbilete av byen. | |||
|
|||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Høgd | 520 m | ||
Areal | 837,89 km² | ||
Folketal | 6 257 516 (2017) | ||
Grunnlagd | 12. februar 1541 | ||
Tidssone | UTC -4 | ||
Santiago 33.4375°S 70.65°W | |||
Wikimedia Commons: Santiago de Chile | |||
Byen ligg i den midtre dalen i Chile, i Región Metropolitana de Santiago, og har 5 278 044 innbyggjarar (2009), rundt ein tredel av alle chilenarar. Heile byområdet har ifølgje same folketeljinga 6 910 000 innbyggjarar.[treng kjelde]
Santiago blei grunnlagd av Pedro de Valdivia den 12. februar 1541 med namnet Santiago de Nueva Extremadura. Valdivia valde denne staden på grunn av det vennlege klimaet og fordi ein lett kunne forsvara byen.
Santiago har eit mildt middelhavsklima med ein relativt varm sommar, der temperaturen kan stiga til 35 °C. Vintrane er fuktige med typiske dagstemperaturar på 15 °C. Gjennomsnittleg nedbør er 360 mm per år.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.