kyrkje i Gaular kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Sande kyrkje står på Sande i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.
Sande kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Sande | ||
Fellesråd | Sunnfjord | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 5. desember 1864 | ||
• Endringar | Restaurert og ombygd på 1940-talet | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Sande kyrkje i Sunnfjord 61.327°N 5.7933°E | |||
Wikimedia Commons: Sande kyrkje, Sunnfjord | |||
Ein trur at ho tilliks med nabokyrkja i Bygstad er ført opp etter typeteikningar laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1] Kyrkja vart restaurert, påbygd og ombygd på fyrste del av 1940-talet.[1] Dette arbeidet vart leia av arkitekt Johan Lindstrøm.[1]
Den noverande kyrkja er den tredje kjende på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-1220-talet. Den andre var ei tømra kyrkje som stod frå 1620 til dagens kyrkje vart reist. Mykje av vyrket frå gamlekyrkja vart brukt oppatt i den nye.[2]
Sande kyrkje er soknekyrkje i Sande sokn i Sunnfjord prosti. Sande og resten av Gaular høyrde til Holmedal prestegjeld til 1755, då vart Gaular skild ut som eige prestegjeld under namnet Indre Holmedal prestegjeld. Prestegjeldsnamnet vart endra frå Indre Holmedal til Gaular i 1911.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.