From Wikipedia, the free encyclopedia
Samuel Matete (fødd 27. juli 1968) er ein zambisk tidlegare friidrettsutøvar frå Chingola. Han vart i 1991 verdsmeister på 400 meter hekk og syrgde såleis for å verte den fyrste friidrettsutøvaren frå Zambia som vann ein gullmedalje i OL eller VM. Matete sikra seg elles to sølvmedaljar i verdsmeisterskapar og ei i OL 1996 i same øvinga.
Samuel Matete | |
Statsborgarskap | Zambia |
Fødd | 27. juli 1968 (56 år) Chingola |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Matete sprang rett inn i verdseliten på 400 meter hekk i 1991-sesongen. Den 7. august gjorde han sitt livs beste løp då han vann i Zürich-stemnet på 47,10 sekundar, einast verdsrekordhaldar Edwin Moses hadde betre tid i øvinga. Tre veker seinare stadfesta Matete den gode forma og vart verdsmeister i Tokyo med tida 47,64, etter å ha avslutta sterkare enn sølvvinnar Wintrop Graham frå Jamaica, briten Kriss Akabusi og den seinare verdsrekordhaldaren Kevin Young. Under dei olympiske sommarleikane 1992 vart Matete diskvalifisert i semifinalen for å ha vore utanfor løpebana si.
Året etter hadde lite Matete hadde å stille opp mot Young i VM-finalen 1993 i Stuttgart. Young vann gull på tida 47,18, medan Matete fekk notert 47,60 og berga sølvet, to og fire hundredels sekund framom høvesvis Winthrop Graham og franske Stéphane Diagana.
Etter å ha vorte samveldemeister på langhekken i 1994 tok Matete eit nytt VM-sølv i 1995, slått med fem hundredels sekund av Derrick Adkins frå USA. Eit år seinare vart dei same to utøvarane nummer ein og to i Sommar-OL 1996, også her vann Adkins. Men med si sølvmedalje dobla Matete talet på zambiske OL-medaljar, boksaren Keith Mwila tok den fyrste, ein bronsemedalje, i 1984.
Frå 1997 til 2000 makta ikkje Matete lengre å fullføre langhekken under 48 sekundar. Han vart såleis femtemann i VM 1997, men hadde ingen vanskar med å verte afrikameister i 1998. Korkje i VM 1999 eller OL-2000 var han i stand til å kome lengre enn til semifinalane.
Einast verdsrekordhaldar Kevin Young og Bryan Bronson har sprunge fortare enn Matete etter 1991. Hans personlege rekord på 400 meter hekk på 47,10 gjev han i 2017 framleis fjerdeplassen på verdsstatistikken.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.