Samlar
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein samlar er ein person som samlar på noko, enten som yrke eller berre som hobby og fritidssyssel.
Å samle på noko er ein vanleg hobby blant barn, ofte den første hobbyen som barnet får. Barn samlar ofte på bokmerke, klistremerke, flaskekorkar og steinar. Litt eldre barn samlar gjerne på frimerke, samlekort og idolbilde. Felles for barn som samlarar er at det dreier seg om objekt som enten kan finnast i nærmiljøet, eller som er relativt billege i innkjøp. At barn driv med samlingar fyller ofte ein viktig funksjon, då barnet lærer seg å halde orden, og å klassifisere gjenstandane i samlinga.
Vaksne samlarar kan ha samlingar som spenner over dei mest ulike område. Ein vaksen samlar vil snart oppdage behovet for å avgrense samlinga. Eit barn som samlar på frimerke samlar gjerne på alle frimerka som barnet kjem over, medan ein vaksen samlar gjerne avgrensar seg til eit eller fleire land, ei viss tidsperiode eller visse tema. Velståande samlarar kan legge betydelege beløp i samlinga. Slike samlingar kan bli kjende, og i somme tilfelle vil slike samlingar kunne danne grunnlaget for eit museum.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.