From Wikipedia, the free encyclopedia
Samira Efendijeva (fødd 17. april 1991) er ein aserbajdsjansk songar. Ho brukar artistnamnet Efendi, tidlegare Samira Efendi.[1] Ho skulle representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Cleopatra»,[2] men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. I staden avgjorde den aserbajdsjanske kringkastaren İTV at Efendi skulle få representere Aserbajdsjan i 2021 med songen «Mata Hari».[3][4]
Efendijeva vart fødd og voks opp i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku. Ho oppnådde popularitet i heimlandet etter å ha delteke i lokale og nasjonale songtevlingar som Yeni Ulduz (2009), Böyük Səhnə (2014) og The Voice of Azerbaijan (2015–2016), der ho vart nummer tre.[2] I 2017 var ho den aserbajdsjanske representanten i vokalisttevlinga Silk Way Star, arrangert i Almaty i Kasakhstan, der ho kom på tredjeplass.[2][5] Ho representerte nok ein gong Aserbajdsjan under songfestivalen Voice of Nur-Sultan i Nur-Sultan i Kasakhstan i 2019.[2]
28. februar 2020 kunngjorde den aserbajdsjanske tv-kanalen İTV at ein jury hadde vald Efendi til å representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[2] Ho skulle opptre med songen «Cleopatra», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Efendi representerte i staden Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest i 2021 med «Mata Hari». Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. Der kom ho på ein 20.-plass[6]
Efendi gjorde seg merka i dagane før den fyrste semifinalen, etter at den norske deltakaren TIX sende fleire kjærleikserklæringar til ho via Instagram.[7] Etter kvart svara ho på meldingane via eigne postar på Instagram.[8] Sidan heldt dei to fram med å flørte via sosiale medium, og dei møttest til fleire dater i finaleveka.[9][10][11] Flørtinga mellom dei to fekk stor merksemd hos presse, fans og arrangørar, og fekk sin eigen emneknagg på Instagram: Efentix.[12] Enkelte pressefolk og fans spekulerte likevel på om flørtinga var eit PR-stunt for å skape merksemd, men TIX avviste dette i ein videofilm han la ut på sin eigen YouTube-konto.[13]
Både Aserbajdsjan og Noreg deltok i den fyrste semifinalen og begge land kvalifiserte seg til finalen. Der hadde dei startnummer etter kvarandre.[14]
Titlar | År | Album |
---|---|---|
«Yarımın Yarı» | 2019 | Ikkje frå album |
«Sen Gelende» | ||
«Yol Ayrıcı» | ||
«Cleopatra» | 2020 | |
«Mata Hari» | 2021 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.