From Wikipedia, the free encyclopedia
Sabarmati er ei av dei store elvane som renn vest i India.[1] Ho har opphav i Aravallifjella i Udaipur distrikt i Rajasthan, og renn ut i Khambhatgolfen i Det arabiske havet. Elva har eit løp på 371 km som går sørvestover gjennom Rajasthan og Gujarat.[1] 48 km av elva går gjennom Rajasthan, medan 323 km høyrer til Gujarat.[1]
Sabarmati | |||
elv | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Statar | Gujarat, Rajasthan | ||
Sabarmati 22.3°N 72.366666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sabarmati River | |||
Byane Ahmedabad og Gandhinagar, høvesvis den kommersielle og den politiske hovudstaden i Gujarat, ligg ved elva. Mahatma Gandhi grunnla ein ashram, Sabarmati Ashram, ved bustaden sin ved breidda av elva.[2]
Sabaramti og bielvane hennar er demde opp fleire stader. Dharoi-demningen på Sabarmati ligg nær Dharoi i Mehsana distrikt nordi Gujarat. Demningen blei bygd i 1978 for å kontrollera vassføring - danna hydroelektrisitet, hindra flaum og bidra til kunstig vatning.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.