uorganisk sambinding med kjemisk formel AgNO₃ From Wikipedia, the free encyclopedia
Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.
Sølvnitrat | |||
| |||
Fil:Silver-nitrate-2D.svg, Orthorhombic.svg | |||
Systematisk namn | Sølvnitrat | ||
---|---|---|---|
Andre namn | Helvetesstein, lapis | ||
Kjemisk formel | AgNO3 | ||
Atommasse | 168,89291486 atommasseeining | ||
Eigenskapar | |||
Tettleik | 4,35 | ||
Smeltepunkt | 212 | ||
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve |
Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).
Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingane kan ikkje vaskast vekk eller fjernast — har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.
Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.