song frå 1980 med Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta From Wikipedia, the free encyclopedia
«Sámiid ædnan» (nordsamisk for Samisk jord) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framført av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta. Teksten er skriven på norsk, medan tittelen og teksten i songen som er lik tittelen er på nordsamisk. I tillegg inneheld songen ein joik, ein samisk form for song utan ord.
«Sámiid ædnan» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1980 | |||||
Land | Noreg | ||||
Artist(ar) | Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta | ||||
Språk | Norsk og nordsamisk | ||||
Komponist(ar) | Sverre Kjelsberg | ||||
Låtskrivar(ar) | Ragnar Olsen | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 15 | ||||
Finaleplass | 16 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
Songen er inspirert av den samiske sjølvstyrerørsla i Nord-Noreg, og duoen song om krava til sjølvstyre. Songteksta nemner òg den tradisjonelle joiken, skildra som «sterkare enn krut». Tekststykket «framførr tinget der dem satt, hørtes joiken dag og natt» refererer til ein sveltestreik som skjedde framfor Stortinget i samband med Altasaka.
Tekstforfattaren Ragnar Olsen og komponisten Sverre Kjelsberg hadde skrive ein song i samband med demonstrasjonane rundt utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget i 1979:
Framførr tinget der dem satt, |
Den tidlegare Pussycats-stjerna Sverre Kjelsberg var no blitt musikar for Hålogaland Teater, og var blitt spurd av NRK om han kunne levera ein låt til Melodi Grand Prix 1980. Valet fall på «Sámiid ædnan». NRK tok vidare kontakt med Mattis Hætta og spurte om han kunne tenke seg å framføra songen saman med Sverre Kjelsberg. Hætta kunne ikkje forstå kvifor han skulle delta i eit slikt underhaldningsprogram på fjernsynet. Men då han var på reise til Göteborg byrja det med eitt å brenna i turnébussen hans, og han måtte dra nordover att. I Tromsø møtte han omsider Sverre Kjelsberg.
Dei la ut på biltur mellom Tromsø og Finnsnes vinteren 1980, og Mattis joika den eine melodien etter den andre medan Sverre lytta. Mattis fortalde sjølv: «Jeg joiket og joiket. Hele veien. Dette er en biltur på mange mil. Og rett før Nordkjosbotn satt den. Det var ingen tvil. Pang! Der hadde vi den.»[1] Joiken som blei refrenget i songen hadde Hætta allereie framført i samanheng med den samiske sveltestreiken framfor Stortinget i oktober 1979.[2]
Så snart dei hadde funne ut korleis dei skulle veksla visesong og joik, ringde dei til Egil Monn-Iversen. Dei sat med kvar sin telefon, og Mattis Hætta fortel: «Sverre sang i det ene røret, og jeg joiket i det andre, og i Oslo satt Monn-Iversen og skrev noter. 'Ok, gutter, nå har jeg den. Da skriver jeg arrangementet', sa han til slutt. Og det gjorde han. Den norske finalen ble vunnet, … »[3]
Songen vann Melodi Grand Prix 1980 med 61 poeng og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1980.
Songen starta som nummer 11 i finalen, etter Finland med «Huilumies» av Vesa-Matti Loiri og før Vest-Tyskland med «Theater» av Katja Ebstein. Bidraget fekk seks poeng frå Vest-Tyskland, fire poeng frå Marokko, tre poeng frå Frankrike og to poeng frå Nederland. Noreg fekk til saman 15 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på nordsamisk.
I 2011 blei eit utdrag frå songen sunge av karakterane i traileren for filmen The Thing.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.