Runebomme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Runebomme (sørsamisk gievrie, 'ring', nordsamisk goavddis), også kjend som sjamantromme eller trolltromme, er eit samisk instrument brukt til akkompagnement av joik og i sjamanisme. I Noreg er det berre igjen tre runebommer, ettersom dei fleste blei øydelagde av norske prestar og styresmakter.

Tromma er laga av eit reinskinn som er spent på ei ramme og pynta med symbol. Noaiden, den samiske sjamanen, held henne i handa og slår på tromma med ein hammar av reinhorn.
Historie
Foto: Sandivas

Historia Norvegiæ er frå den siste halvdelen av 1100-talet, truleg skrive av ein norsk geistleg.[1] Verket skildrar ei runebomme, bruken av tromma og sjelereiser (gandreid). Snaut 400 år seinere skildra gøten Olaus Magnus (d. 1557) ein beslekta bruk av tromma i Historia de Gentibus Septentrionalibus (1555).
I Sverige gjekk det under trettiårskrigen (1618–48) rykte om at samisk trolldom blei brukt for å skaffe svenske hærstyrkar framgang.[2] Rykta var ein grunn til at ein i Sverige på 1600-talet ynskte meir kunnskap om samene. Det store verket Lapponia vart utgjeve på latin i 1673, seinare på andre europeiske språk.
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.