Royal Society for the Protection of Birds

From Wikipedia, the free encyclopedia

The Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) er ein britisk velgjerdsorganisasjon med sete i England og Skottland. Organisasjonen har som formål å fremja vern av fuglar og miljøvern generelt. Han driv kampanjar og petisjonar og driv dei fleste naturreservata i Storbritannia.[1]

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Royal Society for the Protection of Birds
Skipa1890
HovudkontorThe Lodge RSPB reserve
Fokusfuglar, Vilt, wildlife conservation
Omsetjing165 989 000 euro (2020) 
Donasjonar63 924 000 euro (2020) 
Tilsette2 409 (2017) 
Nettstadhttps://www.rspb.org.uk 
Lukk

Med 1300 tilsette, 18.000 frivillige og over ein million medlemmer er RSPB den største velgjerdsorganisasjonen i Europa innan dyrevern.[2] RSPB har mange lokalgrupper, og driv kring 200 naturreservat.[3]

Historie


Han blei grunnlagt i februar 1891 av filantropen og miljøaktivisten Emily Williamson. Frå byrjinga heitte han Plumage League og bestod av ei gruppe kvinner som forplikta seg til å, med visse unntak, ikkje nytta klede med fjører.[4]

RSPB har opphav i to ulike organisasjonar som blei grunnlagde i 1891:

  • The Plumage League,[5] skipa av Emily Williamson i heimen hennar i Didsbury i Manchester, som ei protestgruppemot bruk av skinn og fjør frå toppdukkar og krykkje til klede. Heimen hennar husar no Fletcher Moss Botanical Garden.[6]
  • The Fin, Fur and Feather Folk blei skipa i Croydon av Eliza Phillips, Etta Lemon, Catherine Hall, Hannah Poland og andre.[7]

Begge gruppene voks, og slo seg saman i 1891 til Society for the Protection of Birds i London.[8] Det fekk nemninga «Royal» med eit kongeleg charter i 1904.[9]

Dei fyrste medlemmane av SPB var alle kvinner[10] som kjempa imot klesmoten på den tida der kvinner brukte eksotiske fjører i hattane sine, og den store og øydeleggjande jakta på fugar dette medførte. Medlemmer forplikta seg til å kjempa imot drap på fuglar og til å ikkje bruka fjører frå fuglar som ikkje var drepne for mat, med unntak av strutsefjører.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.