norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Roy Steffensen (fødd 10. september 1980) er ein norsk politikar (Frp) som sit som representant for Rogaland på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er han medlem av transport- og kommunikasjonskomitéen.[1] Steffensen er oppvaksen på Kvitsøy og er den første frå Kvitsøy som har fått fast plass på tinget.[2] Roy Steffensen har budd både på Kvitsøy, i Stavanger og i Oslo.[3]
Roy Steffensen | |||
Steffensen på sentralbanksjefen sin årstale i 2016 Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 10. september 1980 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Steffensen har arbeidd innan fiskeoppdrett i heimkommunen. Han meldte seg inn i Framstegspartiet i 1998, medan han tok økonomiske og administrative fag på vidaregåande i Stavanger. Frå 1998 til 2000 var han nestleiar i Rogaland FpU og frå 2003 til 2005 var han generalsekretær i FpU på landsbasis. I oktober 2011 vart han både varaordførar i heimkommunen Kvitsøy og rådgjevar for Frp si bystyregruppe i Stavanger. Året etter vart han nestleiar i Rogaland Frp.[4] Før stortingsvalet 2013 stod han på tredjeplass på Frp si liste i Rogaland.[5]
Roy Steffensen var også visepresident i Norges Biljardforbund 2006-2007 samt leiar i Christiania Biljardklubb 2005-2007.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.