Riksesniper er tre artar vadefuglar i ein biologisk familie Rostratulidae. Utsjånaden deira kan likne på bekkasinar, men dei er rekna å vere nærast i slekt med bladhøns.
Riksesniper | |
Riksesnipe, Rostratula benghalensis Foto: J.M.Garg | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Riksesniper Rostratulidae Ridgeway, 1919 |
Riksesnipene har korte bein, og har langt nebb med form som nebbet hos sniper, fjørdrakta vekkjer meir merksemd enn hos snipene. Dei syner kjønnsdimorfisme både i storleik og i fjørdrakta, og hannane er generelt meir avtona i fager og er mindre. Alle tre artar har store framratta auge, og dei er aktive i skymringa, jamvel nær nattlege i levesettet sitt.
Formeringsbiologien til riksesnipene er noko ulike i dei to slektene. Rostratula er generelt polyandriske, medan dvergriksesnipa er ein monogam art. Hofuglane i slekta Rostratula vil knyte seg til fleire hannar i paringstida, men så fort egga er lagt vil hannane ta seg av ruginga og omsorg av ungane. Reiret av begge artar i slekta er grunt koppforma, ofte bygd på ei plattform av vegetasjon. Kullet er på 2 til 4 egg, som vert klekt etter 15 til 21 dagar.
Alle riksesniper lever i sivsumpar og myrer, vanlegvis i låglandet. Utanfor hekkesesongen lever dei generelt einslege. Dei er altetande, tar fôr av virvellause dyr og frø. Byttedyr inkluderer leddormar, sniglar, akvatiske insekt og krepsdyr. Frøa av grasvekstar som hirse og ris kan òg danne ein vektig del av dietten til enkelte bestandar.
Artar
Bladhøns i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
- Riksesnipe, Rostratula benghalensis, lever på myr og marskland i Afrika, India og Søraust-Asia.
- Australriksesnipe, Rostratula australis, er ein sjeldan, nomadisk art med minkande populasjon, han finst berre i Australia.
- Dvergriksesnipe, Nycticryphes semicollaris, lever på grasland og marskland i sørlege Sør-Amerika.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger dels på «Painted snipe» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 19. september 2009
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.