norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosemarie Köhn (20. oktober 1939–30. oktober 2022[1]) var ein tyskfødd norsk teolog og tidlegare biskop av Hamar. Ho var den fyrste kvinnelege biskopen i Noreg, og den andre i verda i det lutherske kyrkjesamfunnet, etter Maria Jepsen.
Rosemarie Köhn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. oktober 1939 Rathenow |
Død |
30. oktober 2022 (83 år) |
Yrke | prest |
Religion | Den norske kyrkja |
Ektefelle | Susanne Sønderbo |
Partnar | Susanne Sønderbo |
Rosemarie Köhn på Commons |
Köhn, som hadde tysk far og norsk mor, vart fødd i Rathenow ved Berlin. Ho kom til Noreg i slutten av 1940-åra. Her studerte ho teologi etter artium. I 1966 fekk ho graden cand. theol., og i 1969 vart ho ordinert til prest av biskop Per Lønning.
Rosemarie Köhn arbeidde som hjelpelærar i hebraisk ved Universitetet i Oslo frå 1967 til 1977. Her skreiv ho læreboka Hebraisk Grammatikk (1971), som framleis blir brukt til hebraiskstudia ved norske universitet og høgskular. Samstundes var Köhn stipendiat i gamaltestamentleg teologi fram til 1975. Ho vart tilsett som universitetslektor i bibelfag ved Institutt for religionshistorie og kristendomskunnskap i 1976, og underviste òg ved det integrerte praktikumet innan sjelesorg, homiletikk og pastorallære, og i prinsipiell etikk ved institutt for sjukepleievitskap. Ho var avdelingsbestyrar ved avd. B, Institutt for religionshistorie og kristendomskunnskap i åtte år, og leidde forskingsprosjektet Presterollen 1986-1989. I 1989 vart ho rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo.
Rosemarie Köhn vart utnemnd til biskop i Hamar av kongen i statsråd i 1993. Köhn har vore rekna til den liberale fløya i kyrkja, og Köhn har vore kontroversiell i samband med vigslinga av homofile prestar. Eit godt døme er den såkalla Siri Sunde-saka, som gjorde at Köhn vart den desidert mest namngjetne norske biskopen på 1990-talet.
Rosemarie Köhn vart i 2004 utnemnd av Kong Harald V til kommandør av Den Kgl. Norske St. Olavs Orden.
13. januar 2006 varsla biskopen at ho kom til å trekkje seg frå stillinga som biskop i oktober same året. Årsaka til dette var at Köhn hadde hatt høgt blodtrykk og fleire små hjerneslag. Rosemarie Köhn gjekk av 1. november 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.