Rosa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rosa
Remove ads

Rosa eller lyseraud er ein farge som mellom anna kjem om ein blandar raudt og kvitt. Namnet på fargen kjem frå det latinske ordet for rose. Det engelske ordet for rosa, pink, kjem frå nellik. På svensk kan ein også bruka ordet skär, 'rein', om fargen.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Rosa.
Kjappe fakta HTML-farge ...
Remove ads

Fargelære

Thumb
Rosa rose.
Thumb
Ein strikkar i bleikrosa genser strikker med tråd i ulike rosa sjatteringar, der den sterkaste kan kallast sjokkrosa.

Rosa har ikkje eit særskild bølgjelengdspektrum, men blir danna gjennom ei samansetjing av fleire. Det finst store variasjonar i fargane me kallar rosa, frå bleike pastellrosa til sjokkrosa.

Magenta er ei form for rosa som kan lagast i eit additivt fargesystem ved å blanda like mengder raudt og blått.

Remove ads

Rosa i naturen

Thumb
Finger med rosa hud og nagl.

Mange plantar har rosa blomar, og ein kan også finna fargen i blad. Når det gjeld dyr er rosa uvanleg i dekke som fjører og skjel, men finst også her, til dømes gjennom flamingo og rosa iguana (Conolophus rosada). Organ utan mykje fargestoff er derimot ofte rosa fordi blodet viser gjennom, til dømes tunge, lepper, negler, blodfylt hud, kroppsholrom og mange indre organ. Kjøt kan ofte ha rosa farge.

Remove ads

Symbolikk

I nyare tid er rosa blitt særskild forbunde med jenter og homofile i Vesten, og kan dermed avvisast som barnsleg eller umandig av andre. Dette er ikkje eit universelt syn på fargen. Frå 1920- til 1940-talet, då ein byrja å knyta enkeltfargar til kjønn, var rosa rekna som ein maskulin farge fordi han kom frå den livfulle raudfargen, medan lyseblått var rekna som meir passande for jenter.[1][2] Frå 1940-talet blei desse førestillingane bytta om, og ein tok til å sjå på rosa som passande for jenter og blått for gutar.[3]

Den homofile tilknytinga til fargen stammer frå den rosa trekanten homofile i nazistiske konsentrasjonsleirar måtte bera. I 1970-åra blei trekanten teken i bruk som symbol for kampen for homofile sine rettar. Etterkvart tok ein til å bruka sjølve rosafargen som eit symbol for homoseksuelle, med titlar som Pink News, magasinet Pink og Pink TV.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads