«Root Beer Rag» er ein song av Billy Joel frå 1974 på albumet Streetlife Serenade. Det er ein instrumental som vert spelt i ein særs rask ragtime-stil, og vart seinare gjeven ut som B-sida til fleire singlar frå albumet 52nd Street, mellom andre «Big Shot» i USA, «Until the Night» i Storbritannia og «Honesty» i Japan og somme europeiske land. Eit konsertopptak var med på ein DVD som følgde 30-årsjubileet til The Stranger.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Root Beer Rag
av Billy Joel
frå albumet Streetlife Serenade
A-side

«Big Shot» (US)
«Until the Night» (UK)
«Honesty» (Japan og andre)

Utgjeve 11. oktober 1974 (album)
1979 (singel)
Innspelt Devonshire Sound, North Hollywood
Sjanger Ragtime
Lengd 2:59
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart
Lukk

Den originale versjonen til Joel vart nytta som kjenningsmelodi for sportsprogram i 1980-åra på New Zealand. Han vart òg nytta i 80-åra på Radio Bayern 3 i Tyskland for eit show kalla Musikbox. Songen er spelt i C-dur og er ein av tre instrumentalar som Joel har gjeve ut.

«Root Beer Rag» var òg namnet på eit nyhendebrev for Billy Joel som vart publisert i 1970-åra og tidleg i 1980-åra.

Joel snakka om songen:

Eg fekk min første Moog synthesizer. Dette var i midten av 70-åra og eg hadde fått min første Moog og tok han med på alle platene. Eg sa 'Eg må skrive ein instrumental der eg kan bruke denne synthesizeren. Det skapte på eit vis ein avsky for synthesizerar etter det. Det var derfor eg skreiv denne songen. Rett og slett av tåpeleg nytingssjuke.[1]

Allmusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skreiv at «Root Beer Rag» var «riktinok morosam» og at han var inspirert av filmen The Sting og den Scott Joplin-baserten filmmusikken i den filmen.[2]

Andre versjonar

  • Den tyske acappella-gruppa Wise Guys spelte ein versjon av songen.[3]
  • Richard Clayderman spelte songen i 1983.
  • Silvan Zingg spelte songen i 2005 på albumet Boogie Woogie Trilogy.
  • Dagmar Krug spelte «Root Beer Rag» som ei hyllest til Joel i 2012.
  • Johnny Lingo spelte songen på Somewhere To Go i 2010.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.