Remove ads
amerikansk skodespelar og gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Ronald Frank «Ron» Asheton (17. juli 1948–6. januar 2009)[1] var ein amerikansk gitarist og låtskrivar som saman med Iggy Pop spelte i rockebandet The Stooges.
Ron Asheton | |||
Asheton (venstre) og Iggy Pop på ein konsert i 2008 | |||
Fødd | 17. juli 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Washington D.C. i USA | ||
Død | 4. januar 2009 (60 år) | ||
Dødsstad | Ann Arbor i Michigan i USA | ||
Fødenamn | Ronald Franklin Asheton | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1963–2009 | ||
Sjanger | Punkrock Hardrock Garage rock | ||
Instrument | Gitar, bass, trekkspel | ||
Tilknytte artistar | The Stooges, The New Order, Destroy All Monsters, New Race, Dark Carnival | ||
Plateselskap | Elektra, Columbia, Virgin | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, skodespelar |
Asheton er rangert på 29. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2]
Asheton var fødd i Washington D.C.[3] Han hadde alt spelt trekkspel i fem år då han byrja å spele bassgitar 10 år gammal. Asheton var sologitaristen på dei to første albuma til The Stooges og var bassist på det tredje, Raw Power, då han vart erstatta som gitarist av James Williamson. Då the Stooges vart samla att i 2000-åra, var Asheton igjen gitaristen i bandet. Han spelte i bandet i lag med broren Scott Asheton
Bortsett frå The Stooges, spelte Asheton òg i banda The New Order (ikkje det britiske bandet New Order), Destroy All Monsters, Dark Carnival, New Race og The Empty Set.
Asheton var òg skodespelar og spelte i Mosquito i 1995, i tillegg til i Frostbiter: Wrath of the Wendigo og Legion of the Night.
Asheton vart funnen død i senga si av politiet i huset sitt i Ann Arbor den 6. januar 2009. Han skal ha døydd av eit hjarteattak nokre dagar tidlegare.[4] Sonic Youth-albumet The Eternal er tileigna han.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.