From Wikipedia, the free encyclopedia
Romanispråk er ei grein av dei indoiransk språka med fleire undergrupper, som blir snakka av sigøynarar (roma og sinti).
Romanés Romani | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoarisk | |
Bruk | ||
Tala i | Sigøynarar utan noko eige land | |
Område | Europa | |
Romanéstalande i alt | 4,8 millionar | |
Skriftsystem | Devanagari, gresk, kyrillisk, latinsk. | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Kommunen Shuto Orizari ved Skopje i Nord-Makedonia, 79 landkommunar og ein by (Budeşti) i Romania | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | rom | |
ISO 639-3 | rom | |
Glottolog | roma1329 | |
Ein reknar med at romanispråka vert snakka av om lag 40 millionar menneske. I Europa lever det 10–12 millionar sigøynarar, eller roma, og nesten alle desse kan forstå kvarandre trass i dialektskilnader. Den interne strukturen til romanispråkfamilien er uoversiktleg, det same er kriteria for inndeling i språk og dialekt. Fleire av dei språka som blir snakka i Norden har sine næraste slektspråk i familien i andre delar av Europa[1].
Grovt sett har dei romanitalande komme til Norden i tre bølgjer[2]. Først kom det romanitalande på 1500-talet, som delte seg språkleg i norsk romani, svensk romani og kaalo, eller kalo finsk romani. Det bur 10 000 roma i Finland[3], som høyrer til kaale-gruppa. Dei var skild frå roma i Sverige i perioden 1809 fram til 1954 (innføringa av den nordiske passunionen). På slutten av 1800-talet og tiåra framover kom det roma som snakka valakiske romanispråk, kalderasj, lovari og tjurari til Skandinavia. På 1960- og 70-talet kom det roma frå Frankrike, Spania, Polen, Russland, Bulgaria og Jugoslavia, blant anna kalderasj, lovari, arli og romungri. Også krigane på Balkan på 1990-talet førte med seg immigrasjon av roma frå det tidlegare Jugoslavia, m.a. arli, bugurdji og gurbeti. Språk med talarar som har kome i fleire omgangar har vorte styrka med innflytting av nye talarar.
I Noreg er både romanés og romani rakripa (norsk romani) sannkjent som historisk minoritetsspråk med same status som kvensk og dei samiske språka.[4] Sverige har sannkjent svensk romani, finsk romani (kaale), kalderasj, lovari, arli og romungri. Finland har sannkjent finsk romani.
Romanispråka er ein del av den vestlege greina av indoariske språk, i lag med fire andre språkgreiner (domari, khandeshi, gujarati og rajasthani). Romanispråka er sjølv delt inn i fire greiner, balkanromani, sentralromani, nordleg romani, og valakisk romani. Oversynet her byggjer dels på Glottolog, dels på Bijvoet og Fraurud.
Av desse språka er norsk romani (romani rakripa) snakka i Noreg, og svensk romani i Sverige. Det svenske Språkrådet distribuerer i tillegg materiale på arli, kalderaš, kale, lovara.
Ordtilfanget i dei ulike romanispråka ber sterkt preg av historia til sigøynarane (romfolket). Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i panjabi og hindi — slik som tala frå éin til fem. Andre vesentlege kjelder er armensk, gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romanés.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.