From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei rogenmorene er eit subglasialt (skapt under ein isbre) morenelandskap,[1] som ein hovudsakleg finn i Skandinavia,[1] Skottland,[2] Irland[3] og Canada.[1][4] Dei dekkjer store område som har vore dekte av is og hovudsakleg berre i område ein trur var sentrale område av iskappa.[3] Rogenmorener er kalla opp etter Rogensjøen[5] i Härjedalen i Sverige, som er typelokaliteten for landforma.
Landforma skjer i grupper som ofte ligg nært kvarandre med jamne mellomrom.[1] dei består av morenar med morenejord.[1] Dei individuelle morenane er store, bølgjete ryggar som er orientert på tvers av rørsla til isen.[3] Ein finn ofte drumlinar nær rogenmorenar, og ein trur desse vart skapt på same tid som rogenmorenane.[1] Sjølv om storleiken til rogenmorenane varierer stort,[3] er dei vanlegvis kring 10-30 meter høge, 150-300 meter breie og 300-1200 meter lange.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.