From Wikipedia, the free encyclopedia
Robert Paterson (fødd 29. april 1970) er ein amerikansk samtidsmusikkkomponist, dirigent og perkusjonist. Han har skrive over 80 verk som omfattar orkesterverk, kammermusikk, opera, kormusikk og songsyklusar. Som perkusjonist har han merka seg ut ved å utvikla ein sekskølleteknikk som han særleg har brukt på marimba.
Robert Paterson | |||
Fødd | 29. april 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Buffalo i New York | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1984– | ||
Sjanger | samtidsmusikk | ||
Verka som | komponist |
Paterson vart fødd i Buffalo i New York som son av Tony Paterson, ein prisvinnande bilethoggar og professor i skulptur ved University at Buffalo, og Eleanor Paterson, ein målar og leiar ved Erie Community College med Ph.D. i tospråkleg utdanning frå University at Buffalo. Han har ein bror, David Paterson, som blei musikar og musikklærar.
Paterson møtte ei rekkje målarar og bilethoggarar i barndommen.[1] Foreldra var også mykje opptekne av musikk.[2] Faren var ein tilhengjar av samtidsmuikk, og tok Paterson til fleire konsertar med ny musikk ved University at Buffalo, der Paterson høyrde verk av Morton Feldman og John Cage, med begge komponistane til stades.[1]
Paterson tok perkusjonstimar frå han var tolv og var ved Interlochen Center for the Arts i to somrar, i 1982 og 1983. Som trettenåring byrja Paterson å komponera på eiga hand. Han studerte komposisjon privat med William Ortiz-Alvarado i 1984-86. Han gjekk på high school-en Buffalo Academy for Visual and Performing Arts, der han tok del i blåsarensemblet, jazzbandet og ulike kor ved skolen, i tillegg til å spela på tennislaget. Han fekk perkusjonstimar hjå ulike lærarar i Buffalo-området, som Lynn Harbold, tidlegare førsteperkusjonist i Buffalo Philharmonic Orchestra), Jack Brennan, paukespelar i Buffalo Buffalo Philharmonic Orchestra og Indianapolis Symphony Orchestra), David DePeters, perkusssjonist og administerande direktør ved Iris Orchestra og lærte piano av Claudia Hoca, pianist i Buffalo Philharmonic Orchestra, og Edmund Gordanier. I løpet av high school gjekk Paterson også på sommarskule ved Boston University Tanglewood Institute i to somrar, Her studerte han perkusjon hjå medlemmer av Boston Symphony Orchestra, som Arthur Press, Charlie Smith og Tom Gauger, og opptreed med BUTI Orchestra under Eiji Oue og gjestedirigenten Leonard Bernstein.
I 1995 gjekk Paterson ut frå Eastman School of Music med ein bachelorgrad i musikk. Han hadde studert under Christopher Rouse, Joseph Schwantner, Samuel Adler, Warren Benson og David Liptak og perkusjon under John Beck. I 2001 fekk han ein Master of Music-grad frå Jacobs School of Music ved Indiana University, der han studerte komposisjon med Frederick A. Fox og Eugene O'Brien. I 2004 tok han doktorgraden (Doctor of Musical Arts) ved Cornell University, der han studerte under Steven Stucky og Roberto Sierra.
Etter utdanninga si flytta Paterson til New York der han byrja undervisa ved Bronx Community College. Etter eitt år der var han fire år ved Sarah Lawrence College. I tillegg til å undervisa arbeidde Paterson på bestillingsverk for ulike ensemble som Quintet of The Americas, The California EAR Unit og Volti. I 2005 skipa Robert Paterson og kona Victoria American Modern Ensemble[2] og plateselskapet American Modern Recordings,[3] som spesialiserte seg på samtidsmusikk, særleg musikk laga av samtidige amerikanske komponistar.
Paterson sin musikk har blitt framført ver heile verda, frå USA til Europa, Asia, Afrika og Australia. Over hundre ensemble har framført og/eller bestilt verk av han, mellom anna Louisville Orchestra, Vermont Symphony Orchestra, Austin Symphony, American Composers Orchestra, Minnesota Orchestra, Quintet of the Americas, Chamber Choir of Europe, Musica Sacra (New York) og Volti-koret frå San
Robert Paterson har dirigert American Modern Ensemble sidan grunnlegginga i 2005. Han har også dirigert Society for New Music-ensemblet og Atlantic Music Festival Contemporary Ensemble.
Som perkusjonist har Paterson gjennom mange år utvikla ein seks-kølleteknikk basert på Burton-grepet. Teknikken blei skapt medan han studerte under John Beck ved Eastman School of Music. Det var også her han hadde verdspremiere på marimbaspel med seks køller.[4] Paterson har skrive ei rekkje verk for sekskølle-marimba sjølv og bestilt verk frå andre med teknikken.[5]
Paterson sine verk som komponist og perkusjonist er gjevne ut på American Modern Recordings (AMR), Mode Records, Bridge Records, Centaur Records, Capstone Records og Riax.
Alle verka er gjevne ut av Bill Holab Music.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.