From Wikipedia, the free encyclopedia
Rjukanbanen er ei norsk jarnbanestrekning frå Rjukan til Mæl stasjon. Nokre gonger vert Tinnosbanen frå Tinnoset til Notodden omtala som ein del av Rjukanbanen. Nokre tek med jarnbaneferjene på Tinnsjøen i omgrepet «Rjukanbanen». Slik kan ein seia at heile transportstrekninga frå Rjukan til Notodden er Rjukanbanen i vid tyding. Saman med vassvegen Notodden-Skien, danna Rjukanbanen frå opninga i 1909 ei samanhengjande transportline på 130 kilometer. Kong Haakon VII opna Rjukanbanen den 9. august 1909.
Rjukanbanen vart bygd i samband med Norsk Hydro sine store fabrikkprosjekt på Rjukan. Det var trong for å få transportert råstoff inn, og produkt ut til kysten. Rjukanbanen var den fyrste normalspora og elektriske jarnbanen i Noreg. Rjukanbanen vil for alltid vera knytt til framveksten av storindustri i Noreg, men òg til norsk krigshistorie. Kampen om tungtvatnet under andre verdskrig vart avslutta då norske sabotørar senka jarnbaneferja «Hydro» på Tinnsjøen den 20. februar 1944.
Anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2014 og i 2015 vart det innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[1]
4. juli 1991 gjekk siste tog på Rjukanbanen. Norsk Hydro hadde flytta produksjonen sin andre stadar, og hadde ikkje lenger trong for eit storstilt transportsystem.
Rjukanbanen er frå 2012 museum og ei konsolidert eining av Norsk Industriarbeidermuseum,Tinn museum og Heddal bygdetun.[2]
Teiknforklaring | |||
Vemork | |||
Rjukan Salpeterfabrikker | |||
15,95 km | Rjukan (1909) | ||
Såem (ca. 240 m) | |||
Måna | |||
13,81 km | Ingolfsland (1909) | ||
Tveito (1953) | |||
Bjørkhaug (1953) | |||
10,12 km | Øverland (1909) | ||
Skeie (1953) | |||
4,44 km | Miland (1909) | ||
Måna (41,4 m) | |||
1,10 km | Buslåtten (1953) | ||
0,39 km | Mæl (1909) | ||
til Tinnoset på Tinnosbanen |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.