Riiser-Larsenhavet er eit randhav i Sørishavet. Det ligg mellom Lazarevhavet i vest og Kosmonauthavet i aust, eller mellom 14 °E og 30°E. Nordgrensa er definert til å vere 65 ºS. Det meste av havområdet er meir enn 3000 meter djupt. Det er dekt av drivis året rundt og dekkjer eit område på 1 138 000 km².[1]
Sørkysten av Riiser-Larsenhavet er Prinsesse Astrid Kyst og Prinsesse Ragnhild Kyst i Dronning Maud Land. I vest ligg Lazarev isbrem og lengst aust ligg Erskine ishamn og Godel ishamn, i tillegg til den tidlegare belgiske Roi-Baudouin-stasjonen.
Riiser-Larsenhavet er kalla opp etter den norske flypioneren og polfararen Hjalmar Riiser-Larsen (1890–1965).
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.