norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Rigmor Aasrud (fødd 26. juni 1960) er ein norsk mellomleiar, politikar og tidlegare ordførar i Gran kommune på Hadeland. Ho representerer Arbeiderpartiet. 20. oktober 2009 blei ho utnemnd til statsråd i Jens Stoltenberg si andre regjering, med ansvar for Fornyings- og administrasjonsdepartementet der ho overtok etter Heidi Grande Røys, samt kyrkjesaker i Kultur- og kyrkjedepartementet. Aasrud har stillingstittelen Fornyings- og kyrkjeminister.
Rigmor Aasrud | |||
| |||
Fødd | 26. juni 1960 (64 år) Jevnaker | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Alle verv |
|
Aasrud kom frå stillinga som statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet som ho fekk i 2005. Ho er i tillegg til å vere fornyings- og kyrkjeminister, settestatsråd (for Hanne Bjurstrøm) i Arbeidsdepartementet 20. oktober 2009–21. desember 2009. Aasrud vart vald inn på Stortinget som Arbeiderpartiet sin andrekandidat frå Oppland ved Stortingsvalet 2009.
Rigmor Aasrud er utdanna bedriftsøkonom frå Handelshøyskolen BI, og har studert informasjonsfag ved Høgskolen i Lillehammer. Ho var økonomi- og administrasjonsleiar ved Hertz bilutleie 1978-85, og avdelingsleiar i Aas Data i åra frå 1985 til 1992. Aasrud var sekretær i Arbeiderpartiets kvinnerørsle i perioden 1992-1996 og ordførar i Gran kommune i åra 1995-2005. Ho blei vald inn i kommunestyret i Gran allereie i 1983. Frå 1999 til 2005 var Aasrud styreleiar i Hadeland Energi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.