Kultur- og likestillingsdepartementet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er eit norsk departement med ansvar for kultur-, likestilling og diskriminering-, medie-, idretts- og pengespel- og lotterisaker og koordinerer statleg politikk i samanheng med friviljug sektor.[2] Frå og med 28. juni 2023 har Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet vore Kultur og likestillingsminister i Noreg, ho tok over etter Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet.
Remove ads
Foto:
Alejandro Decap
Remove ads
Historie
Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818.
- Under Kåre Willoch si regjering blei altså dette departementet delt i 1982 og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.
- I 1990 blei dei to departementa reorganiserte. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
- I 1991 blei kyrkjesakene tilbakeført, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
- Frå 1. januar 2002 vart dette endra på nytt, og departementa fekk namna Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
- Frå 1. januar 2010 vart namnet på departementet endra til Kulturdepartementet etter at Regjeringa Stoltenberg II bestemte å flytte kyrkjesakene over til Fornyings- og kyrkjedepartementet.
- Frå 1. januar 2022 vart namnet på departementet endra til Kultur- og likestillingsdepartementet.
Remove ads
Organisasjon
Politisk leiing
Statsråd og sjef for departementet (kultur- og likestillingsminister) er frå 28. juni 2023 Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet.[3]
Avdelingar
Departementet har ein statsrådseksjon, ei kommunikasjonseining i tillegg til fem fagavdelingar:
- Administrasjonsavdelinga
- Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
- Avdeling for sivilsamfunn og idrett
- Kulturvernavdelinga
- Medie- og kunstavdelinga
Underliggande etatar som er lista i KUD
- Diskrimineringsnemnda
- Likestillings- og diskrimineringsombodet
- Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken
- Arkivverket
- KORO - kunst i offentlege rom
- Nasjonalbiblioteket
- Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje
- Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
- Språkrådet
- Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Medietilsynet
- Norsk filminstitutt
- Norsk kulturråd
- Riksteatret
Underliggande tidlegare eller andre mindre etatar
- ABM-utvikling
- Arkeologisk museum i Stavanger
- Bunad- og folkedraktrådet
- Norsk lokalhistorisk institutt
- Rikskonsertane
- Riksutstillingar
- Norsk filmfond
- Norsk filmutvikling
- Det praktisk-teologiske seminar
- Kyrkjerådet
- Opplysningsvesenets fond
Remove ads
Tidlegare kulturministrar
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads