Richard Greene (fødd 9. november 1942) er ein USA-amerikansk fiolinist skildra som «ein av dei mest nyskapande og viktigaste felespelarane gjennom tidene».[1] Greene er introduserte «chop-akkordar», ein dempa akkord, til felespelinga då han arbeidde med Bill Monroe and the Blue Grass Boys. Han meinte seinare at denne speleinga var årsaka til smertene han seinare fekk i handleddet og armen.[2] Han brukte òg denne teknikken i bandet Seatrain.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Richard Greene
Fødd9. november 1942 (81 år)
FødestadLos Angeles i California i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1964
SjangerKlassisk, rock, bluegrass
InstrumentFiolin
Tilknytte artistarJim Kweskin Jug Band, The Blues Project, Seatrain, Muleskinner
Verka somMusikar
Lukk

Greene har òg spelt i andre band, ofte som leiar eller medleiar:[3][4]

  • Blue Velvet Band med Bill Keith, Eric Weissberg og Jim Rooney (1969)
  • Muleskinner med Rowan, Keith og Clarence White (1973)
  • The Great American Music Band, først med David Grisman og Vassar Clements og sidan med mellom andre John Carlini, Todd Phillips, Darol Anger og Jerry Garcia (ca. 1974-75)
  • The Greene String Quartet (ca. 1988-91)
  • The Grass Is Greener som gav ut innspelingar med David Grier, Keith, Kenny Blackwell, Tim Emmons, Chris Thile, Butch Baldassari, Buell Neidlinger og Tony Trischka (1992–94)
  • Richard Greene & The Brothers Barton (2006)

Greene har òg spelt med Red Allen, Bill Monroe, Gary Burton, Melissa Manchester, Greenbriar Boys, James Taylor, Tony Rice, Linda Ronstadt, Dolly Parton, Emmylou Harris, Bob Seger, Old & In the Way, Brian Wilson, Eddie Adcock, George Strait, Loggins and Messina, Crosby, Stills & Nash, Peter Rowan, Deana Carter, Rod Stewart, Lacy J. Dalton, Jerry Garcia, Van Dyke Parks, Bruce Springsteen, Sting, Joss Stone, Richard Thompson, Kelly Clarkson, Mandy Moore, Tony Bennett og The Wagner Ensemble (Jeannine Wagner).[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.