familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tapakuloar er ei gruppe av sporvefuglar i Sør-Amerika med flest artar i Andes. I tillegg finst det tre artar i det sørlege Sentral-Amerika. Taksonomien for gruppa er omstridt, tradisjonelt har tapakuloar vore samla i ein distinkt familie Rhinocryptidae, men nyare studiar har synt at dei alternativt kan reknast som ei gruppe av familien maurrikser, Formicariidae.
Tapakuloar er små til mellomstore fuglar. Storleiken varierer frå 10 til 24 cm. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Medan fleirtalet av artar i familien er små svarte eller brunlege fuglar, finst det òg større og meir fargerike artar. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Føda er insekt samt frø og anna mjukt plantemateriale. Dei skrapar i bakken som ein fasan med det korte, rette nebbet. Dei fleste artane legg to eller tre kvite egg på ein overdekt plass, enten i ei hòle, eit holt tre eller i eit overbygd reir.
Nokre artar har svært avgrensa lokalitetar, og når dei er dårlege flygarar blir dei lett isolert i små bestandar. Per 2007 vurderte BirdLife International ein art som sårbar (tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis), tre artar som truga (sumptapakulo, S. iraiensis, magdalenatapakulo, S. rodriguezi og ecuadortapakulo, S. robbinsi), og to artar kritisk truga (hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus og bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni). Dei to kritisk truga artane har distribusjon i atlantisk regnskog i austlege Brasil, og blei nyleg gjenfunne etter fleire år utan rapporteringar.
Tapakuloar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
40 eller fleire artar av tettvaksne, bakkelevande tapakuloar med stutte halar
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tapaculo frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
Irestedt, Martin; Fjeldså, Jon; Johansson, Ulf S. & Ericson, Per G.P. (2002): Systematic relationships and biogeography of the tracheophone suboscines (Aves: Passeriformes). Molecular Phylogenetics and Evolution23(3): 499–512.
Krabbe, N and Schulenberg, T. (2003). Family Rhinocryptidae (Tapaculos). Pp. 748-787 in: del Hoyo, J., Elliott, A., and Christie, D. eds. (2003). Handbook of the Birds of the World. Vol. 8. Broadbills to Tapaculos. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-50-4
Maurício, G, (2005). Taxonomy of the southern population in the Scytalopus speluncae group, with the description of a new species and remarks on the sytematics and biogeography of the complex (Passeriformes: Rhinocryptidae). Ararajuba. 13(1): 7-28.
Raposo, M., Stopiglia, R., Loskit, V., and Kirwin, G. (2006). The correct use of the name Scytalopus speluncae (Ménétriés, 1835), and the description of a new species of Brazilian tapaculo (Aves: Passeriformers: Rhinocryptidae). Zootaxa 1271: 37-56.:* Rice, Nathan H. (2005a): Phylogenetic relationships of antpitta genera (Passeriformes: Formicariidae). Auk122(2): 673-683. [Engelsk med samandrag på spansk] PDF fulltext
Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor107(4): 910-915. [Engelsk med samandrag på spansk] PDF fulltext
Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)