art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kvitstrupetapakulo (Scelorchilus albicollis) er ein mellomstor medlem av tapakulofamilien og er endemisk for Chile.
Kvitstrupetapakulo | |
Kvitstrupetapakulo | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kvitstrupetapakulo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae |
Slekt: | Scelorchilus |
Art: | Kvitstrupetapakulo S. albicollis |
Vitskapleg namn | |
Scelorchilus albicollis Kittlitz, 1830 |
Tapakuloar er ei gruppe på ca. 65 artar som er kjenneteikna av oppreist stjert, korte venger og kraftige bein, tilpassa eit liv i underskog. Kvitstrupetapakulo deler den biologiske slekta Scelorchilus med raudstrupetapakulo[1] som lever vidare sør i Chile og i Argentina. To underartar er anerkjende, nominatforma S. a. albicollis sentralt og sør i utbreiingsområdet og S. a. atacamae i nord.[2][3]
Kvitstrupetapakuloen er omtrent 19 cm i kroppslengd.[4] Vaksne fuglar av nominatforma har ei kanelfarga panne, ei markert kvit bogeforma augebrynstripe, supercilium, og gråbrun overside. Strupeområdet er kvitt og undersida og kroppssida er lys med mørkebrune tverstriper. Underarten S. a. atacamae¨ er bleikare i same fargetone, spesielt oversida er mykje meir grå enn brun.[3]
Leveområdet er avgrensa til sentrale Chile. Den nordlege underarten lever sørvest for Antofagasta og frå Atacama sørover til nordre Coquimbo-regionen. Nominatunderarten finst frå Coquimbo-regionen sør til omtrent Curicó i Maule-regionen. Den nordlegare delen av området er prega av halvørken med xeriske buskar og den meir sørlege delen er prega av matorral skog og kratt med middelhavsklima. Arten finst vanlegvis frå havnivå til 1000 moh., mest vanleg rundt 800 m, men òg opp til 1850 m. Desse fuglane er trudd å vere stasjonære.[3][4]
Dietten er for det meste leddyr. Den søkjer mest på bakken i tett dekke av vegetasjon.[3]
Kvitstrupetapakuloen graver neppe ut tunnel for reirplass som andre i tapakulofamilien, men finn naturlege holrom i fjellsprekker eller holrom etter degusar.[3]
Kvitstrupetapakuloen syng frå bakken eller ei låg grein. Den typiske songen er ein serie av tre synkande tonar som fell i tonehøgd, skildra som gjentakande «ta-pa-cú». Kontaktropet har fleire tonar i kvar strofe og det finst variantar.
Kvitstrupetapakuloen er kategorisert som livskraftig av IUCN.[5] Arten er skildra som nokså vanleg og med stabil populasjon.[4] Han er verna mot jakt.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.