eventyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Reve-enka er eit norsk dyreeventyr frå Asbjørnsen og Moe si samling av norske folkeeventyr utgjeve frå 1841 til 1844.[1] Eventyret er eit av dei mest folkekjære Asbjørnsen og Moe har samla inn, og blir sett på som eit klassisk norsk eventyr. Reve-enka er også namnet på ein norsk dokkefilm frå 1962. Filmen er basert på dette eventyret.
Eventyret fortel om eit revepar der ektemannen døyr etter å ha ete for mykje høns hjå bonden. Enkja blir seinare vitja av ein serie med friarar: Ein bjørn, ein ulv, ein hare og til sist ein rev. Tenestejenta hennar, ei kjette, snakkar med kvar av dei etter tur, men får beskjed om å senda dei vekk heilt til reven kjem. Han vil reve-enkja ha, dei gifter seg, og bur saman i revehuset «den dag i dag» om ikkje han også har vore i hønsegarden.
Dokkefilmen blei produsert og regissert av Ivo Caprino. Filmen følgjer handlinga som skjer i dette eventyret, men byrjar med ein bolk som viser eventyrsamlaren Asbjørnsen på besøk i ei stove. Stoveeigaren Gurine byrjar å fortelja eventyret for han og niesa si, og filmen fortset som dokkefilm.
I tillegg til «Reve-enka» har Ivo Caprino teke med ein karakter til; haren frå «Haren som hadde vært gift».[2] Han var ein glad og hoppande hare. Haren fortel reven at han blei gift, fekk eit troll til kjerring, fekk ei stove og blei rik, men at alt brann ned – og «kjerringa med». Dei andre friarane er tilsynelatande frekke mot haren, og truger med å ete han opp.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.