Regolitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Regolitt (frå gresk for 'teppestein') er eit lag av laust varierande materiale som dekker den harde berggrunnen. Det er regolitt på jorda, månen, somme asteroidar og andre planetar. Regolitten på jorda er komen til ved forvitring og biologiske prosessar. Regolitt med høg del biologisk materiale blir oftast kalla jord. På lekamar utan ein atmosfære er regolitten skapt av materiale avsett etter kollisjonar med andre objekt.
På jorda er regolitten ein av de viktigaste faktorane for liv, sidan få planter kan gro rett på berggrunn, eller i fast stein, og dyr ville ikkje ha moglegheit til å grava eller bygge ly utan laust materiale.
På månen har regolitten blitt skapa av mikrometeorider som bryt ned steinen på overflata til pulver. Dette pulveret reflekterer meir lys enn basalten i månehava, og ser difor lysare ut sett frå jorda. Under den fyrste planleggingsfasen av apolloferdene til månen var forskarane usikre på om regolitten ville bæra månefartøyet, eller om fartøyet ville søkke etter landing.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.