From Wikipedia, the free encyclopedia
Forvitring er ei form for erosjon av til dømes bergartar og mineral under påverknad frå ytre krefter. Forvitring blir delt inn i kjemisk og mekanisk forvitring.
Den faste fjellgrunnen vil over lang tid smuldre og brytast opp i mindre einingar. Vidare vil forvitring òg verke på steinar slik at dei blir brotne ned til mindre einingar. Nede i jorda er det kjemiske forvitringsprosessar som løyser ut og frigjer mineral (plantenæringsstoff) til jordsmonnet. Det er to typar forvitring: mekanisk forvitring og kjemisk forvitring:
Kjemisk forvitring: Her skjer det kjemiske reaksjonar mellom grunnvatn og minerala i bergartar slik at mineralogien kan endrast. I hovudsak seier vi det er tre typar kjemisk forvitring:
Mineral vert løyst opp i vatn - hovudsakleg salt og karbonatmineral. Oppløysinga vil vere ekstra effektiv ved sur nedbør (vatn som inneheld fleire -ion) då det vert danna karbonsyre (). Det er denne som løyser opp kalksteinen. Denne typen forvitring kan mellom anna føre til utviding av forkastningar og danning av grotter.
Kjemisk reaksjon mellom vatn og mineral. Vil vere meir effektivt i ei surleg vassløysing. Denne forma for forvitring gjev oss suspensjonsmateriale som leire.
Døme på hydrolyse av kalifeltspat:
Kjemisk reaksjon der grunnstoff mistar elektron, skjer typisk i bergarter ved at går over til i kontakt med oksygen og vatn. Dette kjem til syne som ein raudbrun farge på bergartane, òg kjent som rust.
Vatn absorberast av bergartar og einskilde mineral som biotitt vert utvida som ein reaksjon på dette. Utvidinga fører til fysisk stress på bergartane.
Mekanisk forvitring: Ved mekanisk forvitring sprekk fjellet og steinmaterialet og blir brote i mindre delar utan at mineralogien blir endra. Det er fleire typar mekanisk forvitring:
Mekanisk forvitring gåre føre seg når ulike fysiske krefter virkar på berget og bryt det ned.
Solsprenging skjer når bakketemperaturen svingar frå kuldegrader til 40-50 varmegrader på eit døgn. Dette fører til at mineralkorna i bergartane først utvidar seg, så trekkjer seg saman, og dette gjer at dei ytste laga på bergartane langsamt sprekk.
Oppsprekking i bergarter ved trykkavlasting kan mellom anna gje oss eksfoliasjon. Nokre bergarter kan ha størkna fleire kilometer under jordoverflaten. Gjennom millionar av år har bergartene over vorte slitne bort, og når djupbergartane under jordskorpa kjem heilt opp til jordoverflaten, blir trykket letta på bergartane. No får dei plass til å utvide seg, og sprekk. Denne forma for forvitring vert kalla trykkavlasting.
Frostforvitring skjer når vatn renn ned i berggrunnen og frys. Då aukar volumet, og det resulterer i eit så stort trykk at berget kan sprekke. Sprengkrafta skuldast at vatn utvidar seg med 9% når det frys. Frostforvitringa blir først effektiv når temperaturen søkk til 5-6 grader minus. Frostforvitring er i kaldt klima den viktigaste forma for forvitring.
Oppløyst salt i grunnvatn kan krystallisere og opne porer i bergartane. Ved varme blir saltet utvida og bergartane opplever stress innanfrå.
Røter kan ha stor styrke, ei rot kan pressast inn i sprekkar i bergartane og føre til vidare utviding av sprekka.
Når vatn kjem ned i forkastingar/sprekker kan dette utøve nok trykk til å utvide dei.
Intens varme gjer at det ytre laget i bergartane ekspanderer, ved avkjøling vil dette laga sprekke opp. Typisk forvitring ved skogbrann. Dei første gruvene brukte bålbrenning som metode til å få fjellet til å sprekke. Dette var lenge den einaste måten til å få hol på fjellet og mineral/malm ut i passe stykke. Arbeidsmåten er enno i bruk, til dømes i smaragdgruva ved Mjøsa.
Dyrelivet kan påverke forvitringa, gravande dyr kan utvide sprekkar og røre massar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.