norsk biolog og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Rasmus Johan Michael Hansson (fødd 4. september 1954 i Bærum) er ein norsk biolog og politikar for Miljøpartiet Dei Grøne. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo 2013-2017. Med dette var han den første stortingsrepresentanten frå Miljøpartiet Dei Grøne.
Rasmus Hansson | |||
Rasmus Hansson Foto: Monica Løvdahl | |||
Fødd | 4. september 1954 (70 år) Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Miljøpartiet Dei Grøne | ||
Yrke | politikar, biolog | ||
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Far | Knut M. Hansson | ||
Alle verv |
|
Hansson vart den 22. januar 2013 dagleg leiar ved CIENS – Forskningssenter for miljø og samfunn, eit forskingssenter knytt til Universitetet i Oslo.[1] Hansson var generalsekretær i WWF Verdas Naturfond (WWF-Noreg) 2000–2012.[2]
Han har vore førstekonsulent i Miljøverndepartementet og vore avdelingsdirektør og direktør for miljøforvalting ved Norsk Polarinstitutt. Hansson var direktør for miljøvernprogrammet i NORAD 1998–1999, og har vore tilsett i NORAD som rådgjevar innan viltforvalting. Han har fått publisert ei rekkje vitskaplege artiklar om miljøvern i Arktis.
Hansson er utdanna biolog frå NTNU og skreiv hovudfagsoppgåve om isbjørn. Han har også Master of Business Administration (MBA) og Graduate Diploma i internasjonal politikk frå La Trobe University i Melbourne i Australia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.