norsk skodespelar (1910-2001) From Wikipedia, the free encyclopedia
Rønnaug Alten (9. februar 1910–20. januar 2001) var ein norsk skodespelar og regissør. Ho arbeidde hovudsakleg ved teaterscena.
Rønnaug Alten | |||
| |||
Fødd | 9. februar 1910 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tromsø kommune | ||
Død | 20. januar 2001 (90 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, regissør, filmregissør | ||
Far | Edvin Alten | ||
Ektefelle | Georg Løkkeberg | ||
Born | Pål Løkkeberg | ||
Prisar | Guldbaggen for beste kvinnelige hovedrolle |
Alten debuterte i 1930 på Den Nationale Scene som Viola i Helligtrekongersaften mot sin seinare ektemann Georg Løkkeberg. Ho vart seinare tilsett ved Det Nye Teater (Oslo Nye Teater) (1931–38), Nationaltheatret (1935), Trøndelag Teater (1945–48), Riksteateret (1949–51) og igjen frå 1975. Ho har òg arbeidd ved Folketeateret. I åra 1972-74 var ho sentral i etableringa av Teateret Vårt i Molde. Blant hennes mange store roller kan verta tittelrollen nemnt i Anne Pedersdotter, og Ibsen-stykka Hedda Gabler og Rosmersholm. Ho hadde òg sentrale roller i oppsetningar av Lang dags ferd mot natt og Cherry's have.
I 1962 spelte Alten hovudrolla i Oppsetninga til fjernsynsteateret Kranes konditori, basert på Cora Romanen til sandel av same namn. I 1968 spelte ho rolla som fru Marie Darra i fjernsynsteater-oppsetjinga av Helge Krogs drama Underveis.[1] Seinare same år viste Fjernsynsteateret Den Røde Pimpernell. Alten hadde roller både i episoden Madame Guillotine arbeider[2] og i episoden Spion på Lord Grenvilles ball.[3] I 1969 medverka ho som skodespelar i episode 5 av NRK Fjernsynet sin krimserie Taxi[4], og i 1970 spelte ho i Fjernsynsteateret sitt Yerma av Federico García Lorca.[5] I 1977 hadde Rønnaug Alten på ny ei hovudrolle i Fjernsynsteateret, då ho spelte Giza mot Tordis Maurstads «Fru Orban» i stykket Kattelek av Istvan Örkeny.[6] I 1989 viste NRK Fjernsynet Om sirupsnippar, om døden og Zorba og litt til. Alten spelte den eine hovudrolla mot Marius Podolski Rødsten. Dette var ei førestilling i første rekkje berekna på ungdom. Manus var av Steffen Johanssen.[7]
Som teaterregissør gjorde ho seg notert med oppsetjingar av Nederlaget, Eurydike og Becket.
I 1960 sende NRK Fjernsynsteateret En inspektør (originaltittel: An Inspector Calls) av J.B. Priestley, med regi av Rønnaug Alten.[8]
I 1962 omsette og instruerte ho den franske dramatikaren Jean Anouilh sin tragedie Eurydike for Fjernsynsteateret.[9]
I 1964 skrev ho saman med Merete Skavlan manus til kabareten Det angår ikke oss!, som handla om behandlinga til nazistane av jødar. Tekstene var basert dels på dokumentarstoff og dels på verk av Simone de Beauvoir, Bertolt Brecht, Olga Capek, Johan Borgen og Arnulf Øverland. Jahn Erik Joveng og Paul Skoe regisserte førestillinga, som vart urframført på Oslo Tekniske Skule og seinare vist på ei rekkje andre skular. Oppsetjinga fekk mykje omtale i media, og i 1965 sende Fjernsynsteateret ein studioversjon av Det angår ikke oss! på NRK. Fjernsynsoppsetjinga var regissert av Rønnaug Alten. Korkje Alten eller Merete Skavlan stod sjølv på scena i desse oppsetjingane.[10][11]
Rønnaug Alten filmdebuterte i Olav Dalgard sin Vi bygger landet frå 1936. Ho medverka òg i By og land hand i hand av same regissør i 1937. Filmkarrieren hennar bestod av få, men betydelege roller. Særleg vert ho hugsa for innsatsen i Kranes konditori frå 1951 (ho spelte seinare same rolle i oppsetjinga til Fjernsynsteateret). Ho medverka òg i filmane Liten Ida (1981), Hjem går vi ikke (1955), Line (1961) og Vaktpostene (1965).
Alten var gift med Georg Løkkeberg. Ho var mor til Pål Løkkeberg og Cecilie Løkkeberg.
Film
|
TV
|
Teatret vårt
|
Nationaltheatret
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.