Ródos by
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ródos by (gresk Ρόδος) er hovudstaden på øya Ródos i Dodekanesane i Hellas. Han var òg hovudstad i det tidlegare prefekturet Dodekanesane og er no hovudstad i periferieininga Ródos. Ródos by var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Ródos, som no omfattar heile øya.[2] Storbyområdet har om lag 80 000 innbyggjarar. Ródos har vore kjend sidan antikken for Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka. Festninga på Ródos, bygd av maltesarordenen, er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Europa og kom i 1988 på UNESCO si verdsarvliste. Ródos by er ein populær turistdestinasjon.
Ródos by | ||
---|---|---|
Hamna i Ródos | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Periferi Periferieining |
Hellas Dei sørlege egeiske øyane Ródos | |
Grunnlagd | 408 fvt. | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
19,5 km² | |
Innbyggjarar - By (2021[1]) - folketettleik |
54 562 2 894/km² | |
Koordinatar | 36°26′0″N 28°13′0″E | |
Høgd over havet | 0-25 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 851 00 | |
Telefon-retningsnummer | 22410 | |
Bilnummer | PON, POP | |
Heimeside: www.rhodes.gr |
Byen Ródos ligg på den nordaustlegaste enden av øya og dannar ein trekant frå nord til sør. Han grensar til Egearhavet i nord, aust og vest og til dei tidlegare kommunane Ialysós og Kallithéa i sør.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Ródos by 56 440 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 54 562 innbyggjarar.[1]
Øya Ródos ligg langs transportvegane mellom Europa, Midtausten og Afrika. Dette har gjeve byen og øya mange forskjellige identitetar, kulturar, arkitektur og språk gjennom den lange historia. Plasseringa ved ein av dei store sjørutene har gjeve Ródos ei særs rik historie. Øya har vore busett sidan år 4000 fvt.[3]
Ródos by vart grunnlagd i 408 fvt. av byane Ialysós, Kámiros og Líndos.[3] Dei neste tre hundreåra opplevde byen sine gullår. Sjøhandel, skipsbygging og fordomsfrie politikarar gjorde byen svært velståande fram til romartida. Mellom 304 og 294 fvt. vart Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka i antikken, bygd av skulptøren Hares.[3] Arbeidet tok 12 år, og statuen stod ferdig i 282 fvt. Statuen representerte solguden Helios, som stod ved inngangen til hamna. Den antikke byen hadde eit godt utbygd kloakksystem, i tillegg til vassforsyning teikna av Hippodamus. Eit kraftig jordskjelv råka Ródos rundt år 226 fvt., øydela byen og velta Kolossen.[3] Dei neste åtte hundreåra låg han i ruinar før han vart seld til jødisk kjøpmann, visstnok for 900 kamelar, for å få han bort.
I 164 fvt. vart Ródos ein provins i Romarriket.[4] I denne perioden utvikla byen seg til eit utdanningssenter innan kunst og vitskap. Ein kan framleis sjå mange spor etter romarane i byen. Ifølgje Apostelgjerningane (Apg 21:1) vitja Paulus Ródos nær slutten av den tredje misjonærreisa hans.
Riddarane i Maltesarordenen erobra Ródos og oppretta hovudkvarteret sitt her. Dei hadde forlate Italia etter forfølginga av Tempelriddarane i 1307. Pave Clement V stadfesta ordenen sin eigarskap over øya i 1309. Riddarane vart verande på øya dei neste to hundreåra, og plaga den muslimske skipsfarten i området.
Etter Konstantinopel sitt fall i 1453 byrja Det osmanske riket ei rask utviding og i 1480 invaderte Sultan Mehmet Ródos. Det tyrkiske åtaket vart slått tilbake, og tyrkarane drog bort frå øya. Tapet stogga ein samtidig invasjon av Italia av dei osmanske styrkane, og hindra kanskje ein mogeleg muslimsk kontroll over Vest-Europa.
Etter det osmanske tapet i 1480 styrkte stormeisteren Fabrizio Del Carreto festningane i byane. Då han døydde i 1521, hadde Ródos eit av dei sterkaste festningsverka i verda. Riddarane gjekk stadig til åtak på muslimske kjøpmenn, noko som førte til at sultan Suleiman den store starta ei ny omleiring av Ródos i 1522.
Dei mindretalige riddarane forsvarte seg godt og utførte store tap på osmanarane. I desember 1522 vart det gjort ein avtale mellom riddarane og Suleiman om at riddarane skulle få forlate byen med all rikdomen dei kunne bere. Til gjengjeld skulle ikkje innbyggjarane straffast på noko vis og dei måtte få halde på kristendomen sin. 1. januar 1523 reiste riddarane frå øya og etterlet ho til osmansk kontroll.
I 1912 tok italienske troppar over øya i lag med resten av Dodekanesane og etablerte ein italiensk koloni kalla Isole Italiane del Egeo i 1923.[5]
Italienarane øydela seinare husa som vart bygd på og rundt bymurane under den osmanske perioden. Dei gjorde òg jødiske og osmanske gravstader om til grøne soner rundt mellomalderbyen.[5] Italienarane tok vare på det som var att etter riddartida, og øydela alle osmanske bygningar. Dei rekonstruerte òg palasset til stormeisteren av riddarane.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.