Prypjat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Prypjat (ukrainsk При́пять; russisk При́пять, Pripjat’) er ein spøkelsesby nær Tsjernobyl atomkraftverk innanfor Tsjernobylsona i Kiev oblast (provins) nord i Ukraina, nær grensa til Kviterussland.[2]
- Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For elva, sjå Pripjat.
Byen har ein spesiell status i Kiev oblast og er direkte underlagt oblastet, sjølv om han ligg innanfor grensa til Ivankiv rajon. Byen vert òg styrt av Beredskapsdeparementet i Ukraina som ein del av styret av den lukka Tsjernobylsonen.
Pripjat vart grunnlagd i 1970 for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk. Han fekk offisielt bystatus i 1979, men vart fråflytta i 1986 etter Tsjernobylulukka. Han var den niande atombyen (russisk атомоград, atomograd) i Sovjetunionen på den tida og hadde kring 50 000 innbyggjarar før ulukka.
Janov jernbanestasjon låg mindre enn 1 km frå byen og den farbare elva Pripjat flyt i nærleiken.


Tilkomsten til Pripjat var ikkje lukka, som så mange andre byar i Sovjetunionen, sidan atomkraftverket her vart rekna som tryggare enn andre typar kraftverk. Opphavleg var planen å byggje atomkraftverket berre 25 km frå Kiev, men Det ukrainske vitskapsakademiet var uroa over nærleiken til byen. Atomkraftverket og Pripjat[3] vart derfor bygd der dei no ligg, kring 100 km frå Kiev. Etter katastrofen vart Pripjat evakuert i løpet av to dagar.[4]

I 1986 vart byen Slavutytsj bygd opp for å erstatte Pripjat. Mange av bygningane i Pripjat har blitt vandaliserte og plyndra gjennom åra og bygningane har ikkje blitt vedlikehaldne sidan 1986. Det veks tre på somme tak og sjølv inne i somme bygningar.
Remove ads
Tryggleik
Det er relativt trygt å vitje Tsjernobylsona i dag, og fleire ukrainske selskap tilbyr guida turar til området. Strålingsnivået er kraftig redusert, samanalikna med dei dødelege nivåa i april 1986. Dei fleste stadane i byen er strålingsnivåa ikkje over ein ekvivalent dose på 1 μSv (1 mikrosievert) per time.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads