From Wikipedia, the free encyclopedia
Prosjekt Runeberg vart starta i desember 1992 av Lars Aronsson. Prosjektet er eit ope og idealistisk initiativ for å skapa og samla frie, elektroniske utgåver av klassisk nordisk litteratur og kunst. Prosjektet har fått namnet sitt etter Finland sin nasjonaldiktar, Johan Ludvig Runeberg. Eit tilsvarande amerikansk prosjekt, Prosjekt Gutenberg, vart oppkalla etter Johann Gutenberg.
Åndsverkslova har ei grense på 70 år etter at opphavsmannen døydde. Etter dei 70 åra kan kven som ynskjer det utgje verket.
Opphavleg gjorde Prosjekt Runeberg verka tilgjengelege som som e-tekst over internett via kommunikasjonsprotokollane Gopher og FTP. Etter få år vart dataformatet HTML overført via protokollen http.
Frå 1998 produserte ein digitale faksimile-utgåver. Fotografiske bilete av heile boksider vart gjort tilgjengeleg via verdsveven i tillegg til den OCR-tolka og søkbare teksten. Neste steg i utviklinga kom i 2003, då den OCR-tolka teksten kunne korrekturlesast direkte via nettlaseren i eit system som liknar på wiki. Når ei bok er fullt korrekturlest, vert ho gjort tilgjengeleg som ein e-tekst.
Dei fleste av verka i Prosjekt Runeberg er svenske. Prosjektleiinga har hatt utgangspunkt i Linköpings universitet i Sverige.
Oppslagsverk som svenske Nordisk familjebok og det danske Salmonsens konversationsleksikon er lagt ut. Fleire forfattarar sine samla verk er gjort tilgjengelege.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.